12. Areal

Alder kommuneplanar

Dispensasjonar gir uføreseielege rammevilkår 

Kommunane sitt viktigaste plandokument er kommuneplanen, denne skal alle andre planar baserast på. Den består av ein samfunnsdel, som omtalar mål for utviklinga i kommunen, og ein arealdel, som viser kva areal som skal brukast til kva. 

Plan- og bygningslova gir reglar for korleis kommuneplanar skal bli til. Viktige omsyn i planprosessen er medverknad, samråd og offentlegheit. Fagorgan og andre som har interesser i området skal involverast. Slik blir ulike interesser og omsyn som skal vere ein del av avgjerdsgrunnlaget høyrt og vurdert når kommunestyret skal bestemme arealbruken for eit område. 

Ut ifrå omsynet til medverknad, samråd og offentlegheit i planprosessar bør ikkje fråvik frå kommunen sine arealplanar skje gjennom enkeltvise dispensasjonar, men gjennom planendringar. Ein dispensasjonspraksis der gjeldande arealplanar i stor grad blir sett til side, gjer arealbruken lite føreseieleg for grunneigarar, naboar og andre med interesser i planområdet. Det vil også svekke planen som overordna styringsverktøy. 

Samla for kommunane i Møre og Romsdal medførte 24,8 prosent av innvilga byggesøknadar dispensasjon frå plan i 2021. Det er tredje høgast av fylka. Delen har ligge stabilt på rundt 25 prosent i Møre og Romsdal dei siste fem åra. Dette inkluderer både mindre og større avvik frå planføresegn. I 2021 var det Aure kommune som hadde høgast del i fylket, med 50 prosent, følgt av Gjemnes med 39 prosent. 

Når kommuneplanar ikkje blir oppdaterte, aukar ofte behovet for dispensasjonar, fordi planane ikkje lenger blir dekkande for dagens situasjon. For Smøla kommune ser vi at ny arealdel kan ha gitt klar nedgang i dispensasjonar, men samanhengen er ikkje like klar i andre kommunar. Det handlar også om lokale tilhøve og vilje til å styre etter plan.

Forrige tema:
Neste tema: