7. Kultur

Tilskot til kulturminnevern

Høg oppslutning om tilskot innan kulturminnevern i Møre og Romsdal 

Møre og Romsdal fylkeskommunen forvaltar årleg både statlege og fylkeskommunale midlar knytt til fleire tilskotsordningar innan kulturminnevern. 

I samband med regionreforma har ansvaret for fordeling av tilskot knytt til teknisk og industrielle kulturminne, fartøyvern, brannsikring av tette trehusområde og tilskot til freda middelalderhus i privat eige frå før 1537 blitt overført frå Riksantikvaren til fylkeskommunane. I 2022 delte Riksantikvaren ut øyremerka midlar til prosjekt knytt til historiske ferdselsårer i fylkeskommunane (frivillighetens år). 

Dei fylkeskommunale tilskotsordningane knytt til kulturminnevern består av tilskot til kystkultur/fiskevær, regionale kulturminne og kulturmiljø,  og skjøtsel, skilting, merking og mindre frilufstiltak. Dette tilskotet er delt mellom seksjon for kulturarv og seksjon for folkehelse, idrett og friluftsliv. 

I perioden 2019-2022 vart det registrert 366 tilskotsøknadar innan kulturminnevern i Møre og Romsdal. Samla søknadssum blant dei statleg finansierte tilskotsordningane i perioden 2019-2022 var på 97,1 millionar kroner. Tilskotsordningane med høgast søknadssum var freda kulturminne i privat eige og fartøyvern. Teknisk og industrielle kulturminne scorar også høgt då det i 2021 kom inn søknadar på over 17 millionar kroner. Tildelt sum frå Riksantikvaren i perioden 2019-2022 var på 36,4 millionar kroner, og det blei utbetalt 36,8 millionar kroner. 

Samla søknadssum blant dei fylkeskommunale tilskotsordningane var i perioden 2019-2022 på 50,8 millionar kroner. Tilskotsordninga for kulturminne og kulturmiljø av regional verdi hadde dei høgaste søknadssummane. Tildelt sum frå fylkeskommunen var på 6,4 millionar kroner, og totalt blei det utbetalt 7,6 millionar kroner.

Forrige tema:
Neste tema: