14. Samferdsel

Ferje

Sju prosent fleire køyretøy på fylkesvegferjer i 2021 

Etter ein nedgang i køyretøy i 2020, auka talet på køyretøy på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal i 2021. Totalt vart det frakta 4 253 111 køyretøy i 2021, noko som er ein auke på 7 prosent samanlikna med 2020. Samanlikna med 2019, var det ein nedgang på 4 prosent. 

Reisemønsteret har endra seg i 2020 og 2021 samanlikna med 2019. Trafikken i sommarferien har auka, med ein topp i juli månad kor det vart frakta 14 prosent fleire køyretøy enn i 2019. Truleg er det nordmenn på norgesferie som er årsaka til endringa i reisemønsteret. 

Ved overgangen til AutoPASS som billetteringsløysing frå 1.1.2020, vart det gratis å reise som passasjer med ferja, og det var venta at fleire ville velje å køyre saman. Talet for passasjerar per køyretøy har vist seg å ikkje auke etter innføringa, men heller minka. I 2019 var det i snitt 1,9 passasjerar per køyretøy, og 1,7 passasjerar per køyretøy i 2020 og 2021. Truleg har avstandsanbefalingane under koronaen medverka til dette. 

Privattrafikk er køyretøy på under 6 meter lengde, mens næringstrafikk har køyretøy med over 6 meter lengde. Koronaen påverka privat- og næringstrafikken ulikt første halvår, der næringstrafikken hadde auke samanlikna med same periode i 2019 og privattrafikken var lågare. Næringstrafikken utgjer årleg omlag 11 prosent av totale køyretøy i perioden 2019 – 2021. Næringstrafikken i 2021 ligg 5 prosent høgare samanlikna med 2019 og 9 prosent høgare enn 2020 nivå. Privattrafikken i 2021 ligg 5 prosent lågare samanlikna med 2019 og 6 prosent høgare enn 2020 nivå.

Forrige tema:
Neste tema: