4. Sysselsetting og næringsliv

Landbruk

Nedgang i verdiskaping og sysselsetting i jordbruket 

NIBIO har laga ei verdiskapingsanalyse for jordbruket i fylket. Jordbruket står for i overkant av 1 mrd. kroner i verdiskaping. Verdiskapinga er utrekna som resultat før avskrivingar, men kostnader med leigd hjelp og jordleige er ikkje trekt frå. Dette er ca. 50 mill. kroner (4,5 prosent) mindre enn for ti år sidan. Sysselsettinga er berekna til ca 2 300 årsverk, 24 prosent mindre enn for ti år sidan. I tillegg kjem indirekte sysselsetting, m.a. i foredling og transport. 

Mjølkeproduksjonen er viktigast, målt i kroner og øre, med 67 prosent av verdiskapinga, men er også den produksjonen som har gått mest ned. Fem av kommunane i fylket (Hustadvika, Volda, Surnadal, Molde og Ørsta) står for halvparten av verdiskapinga i mjølkeproduksjonen. I den andre enden står halvparten av kommunane for til saman berre 15 prosent av verdiskapinga. Det betyr at det er veldig tynne produsentmiljø mange stader, og det er fare for at heile kommunar kan bli utan mjølkeprodusentar om få år. 

Elles har det vore nokså stabil utvikling når det gjeld verdiskaping på sau og på planteproduksjonar (korn, bær, frukt), mens det for kjøtproduksjon på ammekyr har vore ein viss auke. Produsentar som sluttar med mjølk går ofte over til ammekyr, i alle fall for ein periode. 

Den store utfordringa er at nedgangen i mjølkeproduksjonen er merkbar. Denne produksjonen betyr mest i verdiskaping og sysselsetting, både i landbruket og i foredlingsindustrien. Det er også den produksjonen som møter ein del nye krav i åra som kjem, med investeringsbehov for veldig mange. 

Analysen viser òg tydeleg utviklinga i strukturen. No er det nesten like mange produsentar som har meir enn 40 kyr, som dei som har under 20 kyr. For 10 år sidan var det mange gonger fleire som hadde under 20 kyr, samanlikna med over 40 kyr.

Ny oversikt over skogressursane i Møre og Romsdal 

Landsskogtakseringa har levert ny statistikk over skogressursane i Møre og Romsdal. Det er gjennomført tilsvarande takstar fem gongar tidlegare, og den første allereie i 1930. 

Skog utgjer om lag 30 prosent (459 000 hektar) av fylket sitt totalareal. Av dette er ca 75 % rekna som produktivt skogareal, altså skogareal som kan produsere trevirke over eit gitt nivå. 

Mengda trevirke aukar 

Skogen i Møre og Romsdal legg på seg med nesten ein million m3 i året. Tilveksten i granskogen er over dobbelt så stor som for furuskogen. Dei siste åra er det hogd rundt 250 000 m3 med gran årleg, mens tilveksten ligg på over 450 000 m3. Furuskogen legg på seg rundt 180 000 m3 i året, og hogsten har vore rundt 25 000 m3. Dette betyr at mengda trevirke i skogane våre aukar mykje kvart år. 

Når vi ser på takstresultata frå 1930 og fram til i dag, ser vi at ståande volum i skogane våre er mangedobla. Det gjeld alle treslag. Tilveksten har gått svakt ned for furu i dei siste takstperiodane. Det kjem nok av at furua byrjar å bli gammal. For gran- og lauv­skog er tilveksten omtrent lik føregåande takst. Det vart ikkje registrert tilvekst på gran i 1930. Den store skogreisinga med gran byrja ikkje før på 50-talet. Areal med eldre skog har auka kraftig. Dette ser ein og på diameterutviklinga på ståande skog – den er aukande. Det vert difor meir hogstmoden skog. 

Det er ikkje berre sal av tømmer som gir inntekt til skogeigaren. I tillegg kjem mellom anna tømmer til eige bruk, virke til ved, juletre og pyntegrønt, jaktutleige og nettotilvekst på skogen. Bruttoverdien på tømmeret som vert selt til industri er rundt 100 millionar i Møre og Romsdal. Industrien som foredlar dette tømmeret har gjerne ei omsetjing som er 10-12 gonger tømmerverdien.

Forrige tema:
Neste tema: