13. Bustadmarknaden

Bustadsal

Auke i salet av bustadar 

Det har vore ein auke i talet på omsette bustadar i Møre og Romsdal dei siste åra. I 2019 vart det omsett 3 904 bustadar, og to år seinare var dette auka til 4 561 bustadar. Frå 2020 til 2021 auka talet på omsette bustadar i fylket med 260, ein auke på 6,0 prosent. Det har òg vore god vekst i bustadmarknaden nasjonalt det siste året. I 2021 vart det omsett 102 852 bustadar i Noreg, det var 6 806 fleire enn i 2020.

Frå 2020 til 2021 hadde 15 av 26 kommunar i fylket auke i omsettinga av bustadar. Fjord kommune hadde den sterkast prosentvise veksten frå 2020 til 2021 med ein auke på 100 prosent og Aure kommune hadde 81,8 prosent auke. 

I 2021 var den gjennomsnittlege kjøpesummen for bustadar i Møre og Romsdal 3 126 074 kroner. Prisveksten frå 2020-2021 var i fylket på 5,7 prosent, nasjonalt auka prisane med 8,1 prosent i det same tidsrommet. 

Stor auke i salet av fritidseigedomar 

Under Covid-19 pandemien var det mange reportasjar i nasjonal presse om det auka salet av fritidseigedomar. Ved mange av dei kjente hyttedestinasjonane var det ein kraftig auke i salet av hytter. Nasjonalt vart det seld 4 525 fleire fritidseigedomar i 2021 enn i 2019, ein formidabel auke frå 12 182 selde fritidseigedomar i 2019 til 16 707 i 2021. Dette utgjorde ein vekst på 37,1 prosent. Veksten var endå sterkare i Møre og Romsdal, der salet av fritidseigedomar auka frå 432 i 2019 til 627 i 2021. Dette representerer ein auke i salet av fritidseigedomar på 45,1 prosent. Det var Herøy som hadde den sterkast prosentvise veksten i salet på fritidseigedomar, med ein auke på 187,5 prosent frå 2019 til 2021.

Forrige tema:
Neste tema: