Nedgang i søkinga til vidaregåande opplæring
Skoleåret 2022/2023 var det 3 563 søkarar med ungdomsrett som søkte skoleplass på Vg1 mot 3 671 søkarar skoleåret 2021/2022, ein nedgang på -108 søkarar. Møre og Romsdal har over tid hatt god søking til yrkesfaga, skoleåret 2022/2023 var det 58 prosent av søkarane som ønska opptak på eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Dette er ein liten nedgang frå skoleåret 2021/2022, då 59 prosent av søkarane søkte yrkesfagleg utdanning.
Til seks av utdanningsprogramma var det nedgang i søkinga til skoleåret 2022/2023, størst prosentvis nedgang var det til utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk med -20 prosent. IT og medieproduksjon hadde ein nedgang i søkartalet på -18 prosent. Det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet, Helse- og oppvekst, hadde 499 søkarar til skoleåret 2022/2023, ein nedgang frå førre skoleår på 40 søkarar. Flest søkarar er det til utdanningsprogrammet Studiespesialisering med 966 søkarar. Programmet hadde ein nedgang på -85 søkarar eller 8 prosent i forhold til skoleåret 2021/2022.
Fleire jenter ønsker seg inn i byggenæringa
I mange tiår har søkinga til vidaregåande opplæring vore veldig tradisjonell. Sett på spissen har jenter søkt studiespesialisering og helse- og oppvekst og gutane har søkt dei tekniske faga som Teknologi- og industrifag, Elektrofag og Bygg- og anleggsfag. Framleis er det langt fleire gutar som søker desse faga, men dei siste åra er det fleire jenter som har søkt Bygg- og anleggsteknikk og Teknologi- og industrifag. Skoleåret 2022/2023 var 18,9 prosent av søkarane til Bygg og anleggsteknikk jenter, ein oppgang frå 9,6 prosent skoleåret 2020/2021.
God søking til læreplass
Etter nedgangen i søkinga til læreplass skoleåra 2019/2020 og 2020/2021 var det oppgang i søkinga til skoleåret 2021/2022, då 1 246 søkarar ønskte seg læreplass. Skoleåret 2022/2023 var det 1 254 som hadde læreplass som 1. ønske, ein ytterlegare forbetring i forhold til førre skuleår.
Teknologi- og industrifag er det faget med flest søkarar til læreplass. Heile 457 søkarar hadde søkt dette faget til skoleåret 2022/2023, ein solid auke i søkartalet samanlikna med skoleåret 2021/2022. Auken i søkinga til dette faget er på 63 søkarar, eller 15,9 prosent. Naturbruk har over fleire år hatt auke i talet på søkarar til læreplass, skoleåret 2022/2023 søkte 87 søkarar om læreplass i dette faget mot 71 førre skoleår. Til faget helse- og oppvekst er det tilbakegang i søkinga om læreplass. Skoleåret 2022/2023 er det 195 søkarar til læreplass i dette faget, ein nedgang frå skoleåret 2021/2022 på -22 søkarar. Med tanke på behovet for arbeidstakarar i helse- og omsorgsyrka er det sjølvsagt ei lite ønskeleg utvikling.
Fleire frå Molde søker læreplass
Søkinga til læreplass varierer litt frå skoleår til skoleår om vi ser på kva kommune søkarane kjem frå. Her vil sjølvsagt storleiken på elevkulla og kva utdanningsprogram elevane valte da dei starta i vidaregåande opplæring spele inn. Til skoleåret 2022/2023 var det 149 søkarar til læreplass frå Molde kommune mot 100 skoleåret 2021/2022, med andre ord ei solid auke i talet på søkarar.
Det var litt færre søkarar til læreplass frå Ålesund kommune enn kva som var tilfelle skoleåret 2021/2022, 256 søkte om læreplass mot 281 førre skoleår. Det var 114 søkarar til læreplass frå Kristiansund skoleåret 2022/2023, noko som er på same nivå som skoleåret 2021/2022.