8. Utdanning og kompetanse

Grunnskole

Reduksjon i talet på grunnskoleelevar 

Mange kommunar har over tid hatt nedgang i talet på barn og unge, dette fører sjølvsagt til færre elevar i grunnskolen. Med låge fødselstal dei siste åra er det grunn til å tru at dette er ei utvikling som vil halde fram. Ein auke i innvandringa kan motverke denne utviklinga, til dømes har det i løpet av første halvår 2022 kome barn frå Ukraina til kommunane i fylket. Dette vil påverke elevtala i grunnskolen skoleåret 2022-2023, for desse kommunane. 

Ser vi heile fylket under eitt har nedgangen i talet på elevar i barneskolealder dei siste tre åra vore på -814 elevar. Frå 2018 til 2021 har nedgangen i talet på ungdomsskoleelevar vore meir moderat med  -93 elevar i fylket. 

Talet på kommunale skolar går ned 

Talet på kommunale grunnskolar i fylket har over tid gått ned. Sidan 2016 er talet redusert med 20 skolar, frå 181 til 161. Dette gir ein prosentvis nedgang på 11,0 prosent i denne perioden. Frå 2020 til 2021 vart 4 kommunale grunnskolar lagt ned i Møre og Romsdal. Den store elevtalsnedgangen i mange kommunar er hovudårsaken til at skolar har blitt lagt ned. Skolestruktursaker er vanskelege for kommunane og fører ofte til krevjande politiske debattar i formannskap og kommunestyre. Likevel er utfordringa i mange kommunar å balansere ressursbruken i den enkelte sektor. Den store nedgangen i talet barn og unge gir lågare statlege overføringar, som resulterer i at fleire kommunar må ta ned ressursbruken i grunnskolen og i tilboda elles til barn og unge. 

Talet på private grunnskolar i fylket har halde seg stabilt på 19 skolar sidan 2016. Det er med andre ord ikkje slik at ein nedlagt skule i ein kommune, nødvendigvis fører til etablering av ein privatskole. 

Store forskjellar i tildelinga av spesialundervisning i grunnskolen 

Spesialundervisninga er heimla i opplæringslova § 5.1 og skal gis til elevar som ikkje har utbyte av den ordinære undervisninga. På bakgrunn av ei sakkunnig utgreiing skal kommunane fatte enkeltvedtak og det skal utarbeidast ein individuell opplæringsplan (IOP), som skal skissere opplæringa til eleven. Ser vi heile landet under eitt får 7,8 prosent av elevane i grunnskolen spesialundervisning, i Møre og Romsdal får 9,6 prosent av elevane eit slik tilbod. I 20 av kommunane i fylket ligg delen elevar som får vedtak om spesialundervisning over det nasjonale snittet. Det er variasjon kommunane mellom i forhold til kor stor del av elevmassen som får tildelt spesialundervisning. I dei små kommunane vil nokre få elevar gi eit stort prosentvis utslag. Sjølv om dette er tatt omsyn til, er variasjonen stor mellom kommunane. Det varierer frå 5 prosent til over 20 prosent av elevane som har fått vedtak om spesialundervisning. Om dette skuldast store variasjonar i elevføresetnadene, ulik praksis i sakkunnigarbeidet, eller korleis den enkelte kommune organiserer den ordinære opplæringa i grunnskolen, er vanskeleg å seie. 

Elevane i Sande har flest grunnskolepoeng 

Skoleåret 2021/2022 var det elevane i Sande kommune som gjekk ut av grunnskolen med flest grunnskolepoeng. Elevane i Sande hadde i snitt 45,5 grunnskolepoeng ved avsluttinga av grunnskolen, til samanlikning var snittet på 43,2 poeng for alle elevane i fylket. Elevane i grunnskolen har dei siste åra gått ut med fleire grunnskolepoeng enn tidlegare. Dei siste tre skoleåra har skolen vore sterkt påverka av Covid-19 pandemien. Som følgje av den krevjande opplæringssituasjonen elevane har vore i, har avgangseksamen blitt avlyst. Då elevane tradisjonelt gjer det dårlegare til eksamen enn til standpunkt, er dette hovudårsaka til auken i grunnskolepoeng.

Forrige tema:
Neste tema: