2. Pendling

Pendling

Pendlinga aukar meir enn sysselsettinga 

Statistisk sentralbyrå sin definisjon på pendling mellom kommunar er når ein sysselsett er sysselsett i ei anna kommune enn bustadkommunen sin. Det betyr at den sysselsette kryssar minst ei kommunegrense mellom heim og arbeid, men det fortel oss ikkje noko om kor ofte det skjer, korleis eller kor mykje sysselsette reiser i arbeidet elles. Talet pendlarar blir altså berekna ut i frå bustad i folkeregisteret, mens arbeidsstad er registrert i ei anna kommune. I nokre tilfelle blir pendlartala unaturleg høge når det oppstår såkalla hovudkontorproblematikk, der all verksemd i ei bedrift blir registrert på hovudkontoret. 

Frå 4. kvartal 2020 til 4. kvartal 2021 auka pendlinga både internt i fylket og pendlinga inn- og ut av fylket. Innpendling frå andre fylke auka med heile 8,8 prosent, mens utpendlinga til andre fylke auka med 4,7 prosent. Korrigert for inn- og utpendling til andre fylke er veksten i pendlinga internt i fylket lik for inn- og utpendling da ein utpendlar i ein kommune er ein innpendlar i ai anna. Det gjer at ein kan berekne ein samla vekst i pendlinga, som frå  4. kvartal 2020 til 4. kvartal 2021 var på 3,7 prosent. Det er høgare enn veksten i sysselsettinga i same periode, som var 2,3 prosent. 

Etter kommunereforma er pendlartala mellom kommunane lågare, da meir av interaksjonen i arbeidsmarknaden skjer internt i kommunane. Framleis er Ålesund og Molde kommunane som har klart høgast innpendling med nær 8 000 og 5 800 innpendlarar. Sjølv om Ålesund har 2 200 fleire innpendlarar enn Molde, er nettoinnpendling (tal innpendlarar minus utpendlarar) høgast i Molde, med 2 967 pendlarar. Utpendlinga frå Ålesund er nær dobbelt så høg som utpendlinga frå Molde.

Forrige tema:
Neste tema: