4. Sysselsetting og næringsliv

Nyetableringar

Stor auke i nyetableringar i 2021 

I 2021 var det registrert 2 668 nye føretak i Møre og Romsdal. Dette er ein auke på 8,5 prosent frå året før, då det vart registrert 2 460 føretak. I landet elles gjekk tala på nyetableringar opp med 9,5 prosent. 13 av kommunane hadde auke i nyetableringar høgare enn landsgjennomsnittet. Averøy, Smøla og Vestnes hadde høgast vekst med over 40 prosent auke frå året før. 

Lågare etableringsgrad enn landsgjennomsnittet 

Etableringsgraden er talet på nyregistrerte føretak i forhold til eksisterande føretak. I 2021 var etableringsgraden i Møre og Romsdal på 14 prosent og for landet 17 prosent. Tre kommunar i fylket har høgare etableringsgrad enn landsgjennomsnittet, og høgast var graden i kommunane Sula og Giske med 19 prosent. Lågast etableringsgrad var det i kommunane Fjord og Tingvoll med 7 og 8 prosent. 

Målt i nyetablerte føretak per 1 000 innbyggarar var talet på føretak i Møre og Romsdal mindre enn for landet sett under eit. Smøla, Sula, Vestnes, Averøy og Ålesund ligg nærast opp til landsgjennomsnittet med 12 nyetablerte føretak pr. 1000 innbyggarar. 

Nedgang i føretak som overlever 

Av nyetablerte føretak etablert i 2014 er 29,2 prosent framleis i drift etter 5 år. Det er 1,6 prosent høgare enn landsgjennomsnittet, men ein nedgang på 3 prosent i fylket samanlikna med året før. Finnmark og Troms, Innlandet, Agder og Nordland har høgare overleving enn Møre og Romsdal. 

Flest føretak vart det etablert innan tekniske tenester. Det vart etablert 556 nye føretak som er ein liten nedgang på 24 frå året før. Det var størst prosentvis auke innan overnatting og servering med 50 prosent. Det vart etablert 86 nye føretak i denne bransjen, det er 29 fleire enn året før.

Forrige tema:
Neste tema: