15. Kommuneøkonomi

Sektorvise netto driftsutgifter

I gjeldstoppen 

Møre og Romsdal har eit snitt på netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekt på 111,9. I landet utan Oslo er denne prosenten på 93,0. Det høge gjeldsnivået tyder på at kommunane over lengre tid har nytta moglegheitene som ligg i den historisk låge renta, til å investere og bygge opp kostnadsnivået. Kommunane har i liten grad nytta høvet til å justere ned lånenivået. Dei har heller ikkje spart i tider med historisk låg rente og ekstraordinære inntekter. Det gir grunn til uro, når ein veit at det er utsikt til fleire rentehevingar i tida som kjem. 

I Møre og Romsdal har 15 kommunar ein gjeldsgrad over 100 prosent av brutto driftsinntekt og av desse har 8 kommunar over 120 prosent. Dette er eit for høgt nivå i forhald til å oppretthalde ein god økonomisk handleevne. Med høgare rentenivå og ei forventning om ytterlegare renteauke, er det grunn til å tru at fleire kommunar vil få utfordringar med å dekke låneutgiftene sine over driftsbudsjettet. 

Høg gjeldsgrad, lågt netto driftsresultat og bruk av disposisjonsfond gjer at mange av kommunane i Møre og Romsdal må arbeide for å oppnå balanse i budsjett og rekneskap framover. Det er grunn til å tru at fleire kommunar kommer på ROBEK i åra som kjem, om ikkje grep blir tatt no. 

Mest til pleie og omsorg 

Tabellen viser kva kommunane har nytta av eigne midlar på dei ulike tenesteområda i kommunen, på bakgrunn av behov og prioriteringar i kommunen. Dei største sektorane er helse og omsorg, grunnskole og barnehage. Dei aller fleste kommunane i fylket ligg over snittet til landet utan Oslo. 

Meir informasjon om kommuneøkonomi finn du i den årlege rapporten til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, «Utviklinga i kommuneøkonomien».

Forrige tema:
Neste tema: