4. Sysselsetting og næringsliv

Fylkesfordelt næring

Oslo og Agder med sterkast vekst i sysselsettinga 

Alle fylka opplevde vekst i sysselsettinga frå 4. kvartal 2020 til 4. kvartal 2021. Både i tal sysselsette og i prosent var veksten sterkast i Oslo, med ein vekst på 21 447 sysselsette eller 4,4 prosent. Det er nær 50 prosent høgare enn den nasjonale veksten på 3,0 prosent, og utgjer 26,6 prosent av den nasjonale veksten, som var på 80 635 sysselsette. 

I tillegg til Oslo var veksten i Rogaland, Agder og Viken høgare enn landsgjennomsnittet. I dei sju andre fylka var veksten lågare, og lågast var den i Nordland (1,7 prosent) og Vestfold og Telemark (1,8 prosent). 

Veksten speglar til ein viss grad dei stadane og næringane som var hardt råka av pandemien. Sterkast vekst i tal sysselsette var det i sørvisnæringa med ein vekst på 48 051 sysselsette, det utgjer 4,5 prosent vekst. Næringa personleg tenesteyting, som til dømes frisørar og tilsette innan kroppspleie og fysisk velvære, auka med 4,6 prosent og hadde dermed den sterkaste veksten målt i prosent. Sørvisnæringa hadde sterkast vekst i Oslo med 6,1 prosent, mens personleg tenesteyting auka mest i Rogaland, med 5,3 prosent. 

Jordbruk, skogbruk og fiske hadde ein svak nedgang på -0,2 prosent, sjølv om veksten i næringa i Oslo var på heile 11,2 prosent, sterkast auke av alle næringar i alle fylka. Det var den einaste næringa som hadde nedgang i sysselsettinga. Kategorien «uoppgitt» hadde størst nedgang, men speglar ikkje noko einskild næring. 

Veksten innan offentleg administrasjon, undervisning og helse- og sosialtenester var høvesvis 1,7, 1,6 og 1,8 prosent. Det er langt lågare enn veksten i dei andre næringane som i større grad er dominert av føretak i privat sektor.

Forrige tema:
Neste tema: