4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsette etter sektor

32 prosent tilsett i offentleg sektor 

Det er privat sektor som sysselsett flest, både på landsbasis og i Møre og Romsdal. Per 4. kvartal 2021 utgjorde sektoren 63,5 prosent av dei sysselsette i fylket, for landet utgjorde den 64,4 prosent. I fylket er det Sykkylven og Stranda som hadde høgast del sysselsette i privat sektor, med 75,0 og 75,9 prosent. Som einaste kommune i fylket hadde Volda ein del sysselsette i privat sektor på under 50 prosent (48,5 prosent). 

Sysselsettinga i kommunal sektor speglar behovet befolkninga i kommunen har for kommunale tenester, men seier også noko om kor stor arbeidsmarknaden i kommunen er. I kommunar med lågt innbyggartal utgjer ofte kommunal sektor meir enn i folkerike kommunar der det er større innslag av private verksemder. 

Talet sysselsette frå fylkeskommunen i kommunane speglar primært kor dei vidaregåande skolane er lokalisert, men også administrative funksjonar, tannhelsetenestene og vegarbeidarar. 

Offentleg eigde føretak er selskap kontrollert av det offentlege, som statens forretningsdrift eller selskap kor det offentlege eig meir enn 50 prosent av aksjekapitalen. Tidlegare var sysselsette i denne kategorien plassert i ein samlekategori saman privat sektor. Selskapa i denne kategorien er alt frå små selskap eigd av ein eller fleire kommunar til store nasjonale aktørar som Statkraft, Equinor og Telenor. Her i fylket kan Kongsberg Gruppen vere eit god døme, kor Nærings- og fiskeridepartementet eig over 50 prosent. 

Talet statlege arbeidsplassar utgjer berre 8,5 prosent av alle sysselsette i Møre og Romdal. Det er nest lågast av alle fylka, og 26,5 prosent lågare enn landsgjennomsnittet. Statlege arbeidsplassar er ofte kompetansearbeidsplassar som kan vere konjunkturdempande, da dei i mindre grad påverkast av desse.

Forrige tema:
Neste tema: