15. Kommuneøkonomi

Økonomiske indikatorar

Har kommunane ein berekraftig kommuneøkonomi? 

Dei mest sentrale indikatorane i kommuneøkonomien er netto driftsresultat, storleiken på disposisjonsfondet og gjeldsgraden. Det er samanheng mellom desse indikatorane som seier noko om kommunens økonomiske tilstand. 

Netto driftsresultat er den leiande indikatoren for den økonomiske statusen i ein kommune. Teknisk berekningsutval (TBU) tilrår at netto driftsresultat bør utgjere minst 1,75 prosent av brutto driftsinntekt over tid for at formuesbevaringsprinsippet skal bli teke i vare. Prinsippet inneber at ein kommunes samla formue, realkapital og finansielle fordringar, med frådrag for gjeld, ikkje skal reduserast over tid. 

I 2021 var gjennomsnittleg netto driftsresultat på 1,8 prosent for kommunane i Møre og Romsdal. Landet utan Oslo har i snitt eit netto driftsresultat på 4,2 prosent. Det er stor variasjon mellom kommunane. Samla sett viser statistikken ei betring i kommuneøkonomien samanlikna med året før, men det er heile 15 kommunar som ligg under det anbefalte nivået. 

Konsekvensen av låge disponible midlar er at kommunane er meir sårbare, og då heilt avhengig av å få drifta til å gå i balanse for å levere eit berekraftig tilbod til innbyggarane sine, og for å unngå eit meirforbruk. Låge eller ingen tilgjengelege midlar vil, ved ein auke i rentekostnadane, medføre endring i driftsnivået i kommunane. Konsekvensen av dette er færre midlar til tenestetilbodet til innbyggarane. Tabellen viser at snittet for disposisjonsfond i Møre og Romsdal er på 8,9 prosent, men det er store forskjellar mellom kommunane. Snittet til landet utan Oslo er på 13,7 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: