14. Samferdsel

Dekke

Meir asfaltering og meir tilfredsstillande vegdekke 

Det vart i 2021 lagt 174 km asfalt på fylkesvegane i Møre og Romsdal, og 63 prosent av vegdekket har no tilfredsstillande tilstand. 

Tilstanden til vegen har betydning for alle som ferdast på vegen, og asfaltdekket, vegfundamentet, kurvaturen, breidda og terrengtilpassinga er viktig for framkome. Det er 2 996 km fylkesveg i Møre og Romsdal, i tillegg eig fylkeskommunen 184 km gang- og sykkelveg. 

Dekketilstanden vert kategorisert på grunnlag av årlege vegdekke-målingar. Kategoriane «svært god», «god» og «middels» vert rekna som tilfredsstillande dekketilstand. Kategoriane «dårleg» og «svært dårleg» vert rekna som ikkje tilfredsstillande. Trenden er i hovudsak positiv med 53 prosent tilfredsstillande dekke i 2016 og 63 prosent i 2021. Ingen fylkesvegar bør vere i kategorien «dårleg» eller «svært dårleg». Ekstramidlar på 14 mill. kroner i 2020 resulterte i nytt dekke på prioriterte fylkesvegar, og er truleg ei viktig årsak til den positive utviklinga. Staten har gjennom Nasjonal transportplan etablert ei ordning for å bidra til å hente inn vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.  Auka dekkelegging vil vere ei viktig følgje av denne ordninga. 

Levetida for asfaltert dekke er om lag 15 år. På dei mest trafikkerte fylkesvegane våre har dekket ei levetid på 8-10 år. Prisen for å asfaltere 1 km fylkesveg er i gjennomsnitt ca. 1 mill. kroner. Når vi tar omsyn til levetida til vegdekket, er årleg asfalteringsbehov i storleiken 150-200 mill. kroner for å flate ut forfallet av vegdekket på fylkesvegane. Fylkeskommunen brukar 55 mill. kroner til asfaltdekkelegging, i tillegg 45 mill. kroner for forsterkning av vegar (inkludert asfaltering) og 29 mill. kroner til reasfaltering ved hjelp av ei statleg tiltakspakke i 2022.

Forrige tema:
Neste tema: