Arbeidsplassdekning
Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad) i eit område, til dømes ein kommune. Arbeidsplassdekning på over 100 prosent betyr at talet arbeidstakarar som arbeider i kommunen er større enn talet på arbeidstakarar som er busette i kommunen.
Av dei tre største byane i fylket er det Molde som har høgast arbeidsplassdekning med 118,2 prosent. Tilsvarande er arbeidsplassdekninga 106,9 og 98,1 prosent i Ålesund og Kristiansund. For Kristiansund sin del betyr det at det er eit underskot på arbeidsplassar i forhold til talet på yrkesaktive som er busett i kommunen. Etter kommunesamanslåinga har arbeidsplassdekninga i Ålesund gått ned. Dette heng saman med at kommunane som gjekk inn i den nye storkommunen hadde sterk innpendling til Ålesund, dette blir no rekna som internpendling innanfor kommunen. Ålesund by er framleis ein viktig arbeidsmarknad i fylket, det har ikkje endra seg som følgje av kommunesamanslåinga.
Det var 7 av kommunane i fylket som i 2021 hadde over 100 prosent arbeidsplassdekning. Kommunane Giske, Sula, Gjemnes og Hustadvika har alle låg arbeidsplassdekning. Dette er kommunar som ligg tett på dei tre største byane i fylket og mange pendlar inn til arbeidsmarknaden i byane. Giske og Sula har til dømes ei arbeidsplassdekning på 61,6 og 64,3 prosent, mange av dei yrkesaktive i desse kommunane er med andre ord avhengig av å pendle ut av kommunen på arbeid.
Totalt for Møre og Romsdal er det ei arbeidsplassdekning på 96,7 prosent. Det betyr at -4 477 møringar har arbeidsstaden sin i eit anna fylke.