Innvandrarane er viktige for folketalsutviklinga
Innvandringa til Møre og Romsdal dei siste tiåra har vore avgjerande for folketalsutviklinga, utan innvandringa hadde folketalet i fylket gått ned. For 20 år sidan, i 2002, var innvandrarbefolkninga i fylket på 7 814 personar. Med innvandrarbefolkninga meiner vi innvandrarar og barn av innvandrarar. I 2022 utgjer innvandrarbefolkninga 36 277 personar, ein auke på 28 463 personar dei siste 20 åra. Talet på norskfødde barn av innvandrarar i Møre og Romsdal var ved årsskiftet 5 031. Denne gruppa har utvikla seg i storleik i tråd med auken i innvandringa. Ser vi tilbake til 2002 var det berre 764 barn av innvandrarar i fylket. Norskfødde barn av innvandrar har heilt andre føresetnadar enn sine foreldre til å tilpasse seg det norske samfunnet. Forholdet til språk og utdanning blir sjølvsagt langt lettare for dei som er fødde og veks opp i Noreg.
Den resterande delen av befolkninga har utvikla seg frå 233 356 innbyggarar i 2002 til 229 571 i 2022, ein reduksjon på -3 785 personar. Heile befolkninga har vakse frå 241 170 i 2002 til 265 848 i 2022, ein auke i folketalet på 10,2 prosent.
Nettoinnvandringa til fylket har vore positiv alle dei siste 20 åra. Innvandringa hadde ein topp i 2012, då innvandra 3 916 personar til Møre og Romsdal. Same året utvandra 826 personar, noko som gir ei nettoinnvandring dette året på 3 090 personar. Nettoinnvandringa til fylket var god i perioden 2008 til 2016, men har etter 2017 gått ned. Spesielt låg har innvandringa vore dei tre siste åra, lågast var nettoinnvandringa i 2021 med 584 personar. Vi må tilbake til 2001 for å finne så låge innvandringstal, då var nettoinnvandringa på 454 personar. Som følgje av låg innvandring og låge fødselstal har folketalsutviklinga i fylket vore marginal dei siste åra.
Med stadig færre innbyggarar i yrkesaktiv alder, blir innvandringa viktig framover både for å oppretthalde arbeidsstyrken og folketalet i fylket. Ei god integrering og kvalifisering til lokalt arbeidsliv har derfor aldri vore viktigare. Kommunane i fylket legg ned mykje ressursar og arbeid i dette feltet, og har i perioden med høg innvandring opparbeidd seg god kompetanse i integreringsarbeidet.
Flest arbeidsinnvandrarar blant innvandrarane i Møre og Romsdal
Det er forskjell mellom fylka når det gjeld kva som er den viktigaste innvandringsårsaka. Møre og Romsdal som er eit viktig industrifylke har over tid hatt mange som har kome hit for å arbeide i industri og byggenæringa. Innvandrarane har dei siste tiåra vore ein viktig ressurs for arbeidslivet i fylket. I følgje IMDI (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) er det 11 042 personar som i 2021 er busett i Møre og Romsdal med arbeid som innvandringsårsak. Same året er det 9 110 innvandrar i fylket som har kome som følgje av familieinnvandring. I 2021 var det 7 077 innvandrarar i fylket som har kome med flukt som innvandringsstatus. Samtidig er det 1 257 personar som har utdanning som oppgitt innvandringsårsak. Ei relativ stor gruppe er i statistikken ikkje oppgitt med innvandringsårsak, for Møre og Romsdal sin del utgjer denne gruppa 2 660 personar i 2021.
I sju av fylka er det flukt som er den viktigaste årsaka til innvandringa. For Oslo er det til dømes 51 226 personar som har flukt som innvandringsårsak, mens det er 39 759 av innvandrarane busett i Oslo som har arbeid som årsak til innvandringa. Det same ser vi i Viken fylke der det i 2021 bur 66 295 personar som har oppgitt flukt som innvandringsårsak.
Større mangfald i befolkninga
Innvandrarbefolkninga utgjer ein større og større del av innbyggartalet i mange kommunar og er ein viktig del av befolkningsgrunnlaget i fylket. Det er over 31 000 innbyggarar i fylket som ikkje er fødde i Norge – og dei kjem frå 154 land.
Tek vi med barn av innvandrarar, utgjorde innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal 22 134 personar i 2012, fordelt på 10 264 kvinner og 11 870 menn. I 2022 består innvandrarbefolkninga av 17 453 kvinner og 18 828 menn. I 2012 utgjorde innvandrarbefolkninga 8,7 prosent av folketalet i fylket, i 2022 har dette auka til 13,6 prosent. Nasjonalt utgjorde innvandrarbefolkninga 13,1 prosent av innbyggarane i 2012, dette har auka til 18,9 prosent i 2022.
Størst del innvandrarar i Stranda og Sande
Det har vore vekst i innvandrarbefolkninga i alle kommunar om vi måler opp mot 2012. Men frå 2017 har innvandringa gått ned og innvandrarbefolkninga har berre vakse med 1,2 prosentpoeng dei siste fem åra. Som følgje av reduksjon i innvandringa er det fire kommunar der innvandrardelen av befolkninga har gått ned. Dette gjeld kommunane Aure, Sunndal, Tingvoll og Ulstein. Størst prosentvis nedgang har det vore i Ulstein, der innvandrarbefolkninga utgjer 14,9 prosent av befolkninga i 2022 mot 17,2 prosent i 2017.
Det er i kommunane Surnadal, Vanylven og Hustadvika at innvandrardelen er lågast. Prosentvis utgjer innvandrarbefolkninga 6,9, 7,8 og 9,7 prosent av befolkninga i desse kommunane. Det er i kommunane Stranda og Sande at innvandrardelen er høgst med 21,4 og 20,5 prosent. Av dei tre største byane i fylket er innvandrardelen størst i Ålesund, der innvandrarbefolkninga i 2022 utgjer 16,5 prosent av befolkninga. I Kristiansund og Molde er innvandrardelen til samanlikning 13,3 og 12,8 prosent.