7. Kultur

Spelemiddel

Meir spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, men dei dekker liten del av kostnadane 

Det var meir spelemidlar i potten til anlegg for idrett og fysisk aktivitet enn nokon gong før i 2022. For første gong var det meir enn 100 millionar kroner til fordeling i Møre og Romsdal. Midlane vart fordelt på 104 søknader av i alt 197 godkjente søknader. 

Mest spelemidlar gjekk til Ålesund, Molde og Kristiansund. Minst gjekk til Gjemnes, Sande og Vanylven. Om vi ser på kven som søkte om mest midlar så var det Molde, Ålesund og Volda. Dei som søkte om minst var Gjemnes, Sande og Smøla. 

Det er likevel stor forskjell på kor mykje av anleggskostnadane som blir dekt av spelemidlane for høvesvis nærmiljøanlegg og ordinære anlegg. Nærmiljøanlegg er anlegg for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet. Eit typisk eksempel er ein ballbinge. Ordinære anlegg er anlegg for både organisert og uorganisert idrett og fysisk aktivitet. Eit typisk eksempel er ein fotballbane for trening og kampar. 

For nærmiljøanlegg dekte spelemidlane i gjennomsnitt 44 prosent av dei totale anleggskostnadane. I gjennomsnitt 8 prosent av anleggskostnadane for ordinære anlegg vart dekt av spelemidlane. Dette talet seier likevel ikkje alt om dekninga. Kvart år blir tilskotet til 10-15 søknader delt opp over 2-4 år på grunn av størrelsen på søknadsbeløpet. Det betyr at ein søknad som blir imøtekome med 5 millionar kroner i 2022 potensielt kan få 5 millionar kroner til kvart år dei tre neste åra, altså 20 millionar kroner til saman. 

I tillegg får dei aller fleste meirverdiavgiftskompensasjon frå staten for tilskotsberettiga kostnadar ved bygging av idrettsanlegg. Dei som bygger nærmiljøanlegg får dermed i gjennomsnitt godt over halvparten av kostnadane dekt av spelemidlar og meirverdiavgiftskompensasjon.

Forrige tema:
Neste tema: