12. Areal

Bustadareal i kommuneplan

Det manglar ikkje bustadareal 

Alle kommunar ønsker å legge godt til rette for bygging av nye bustader. Den strategiske drøftinga om kvar dette skal skje, bør vere ein viktig del av arbeidet med kommuneplanens arealdel. Arealdelen legg til rette areal som seinare kan planleggast meir i detalj. 

Kommuneplanen må svare ut den faktiske etterspurnaden, men også etablere reserver som er tilstrekkelege innanfor planhorisonten og som helst er i samsvar med preferansar i marknaden. Behovet for bustadareal vil sjølvsagt avhenge av den demografiske utviklinga, men også med kva anna utvikling som skjer eller er tenkt skal skje, i kommunen. Dette er ikkje alltid lett å framskrive presist. 

Areal fastsett som “framtidig bustadbygging” og areal avsett til “eksisterande bustadområde” fråtrekka areal som faktisk er utbygd utgjer “bustadreservar” i kommuneplanane. 

Denne analysen er på eit enkelt, overordna nivå, basert på offentleg tigjengelege kart, med atterhald om at dei er riktige og oppdaterte. Den største feilkjelda ligg i at mange av kommuneplanene er av eldre dato, slik at også areala som framstår som «framtidige» kan vere heilt eller delvis utbygde. 

For fylket sett under eitt, er det trass feilkjeldene liten tvil om at kommuneplanane tilrettelegg store areal som det aldri blir behov for. SSB opplyser at det i femårsperioden 2016-2020 blei ferdigstilt nesten 6000 bustader i fylket. Kommuneplanane har reserver til det tidobbelte. Analysar for fritidsbustadar viser same resultat.

Forrige tema:
Neste tema: