1. Demografi

Folketalsutvikling

Den svake veksten i folketalet held fram 

Folketalet i Møre og Romsdal vaks med 304 personar frå 2021 til 2022, ein vekst på 0,1 prosent. Per 01.01.2022 bur det 265 848 personar i fylket mot
265 544 i 2021. Folkeveksten har vore marginal dei siste åra, med ein vekst på 268 personar frå 2019 til 2020 og 306 personar frå 2020 til 2021. Folketalet i Noreg auka med 33 901 personar frå 5 391 369 til 5 425 270 personar frå 2021 til 2022. 

Dei siste 10 åra, frå 2012 til i dag, har folketalet i fylket vakse med 4,6 prosent. Til samanlikning har folketalet i landet dei siste ti åra vakse med 8,8 prosent. Veksten i folketalet er redusert om vi samanliknar med perioden 2002-2012. I denne perioden vaks folketalet i fylket med 5,4 prosent, mens folketalet i heile landet vaks med 10,2 prosent. 

Nedgang i folketalet i 18 kommunar 

Frå 2021 til 2022 var det nedgang i folketalet i 18 av dei 26 kommunane i fylket. Av dei tre største byane var det vekst i folketalet i Molde og Ålesund, mens det var negativ befolkningsutvikling i Kristiansund. Sterkast var veksten i Ålesund med 444 personar, ein vekst på 0,7 prosent. Molde kommune vaks med 132 personar, mens det i Kristiansund vart 86 færre innbyggarar i løpet av 2021. Størst prosentvis vekst i folketalet frå 2021 til 2022 var det i Sula, der folketalet auka med 1,5 prosent. Aure kommune var i den andre enden av skalaen med ein prosentvis nedgang i folketalet på -2,4 prosent. 

Dei siste 10 åra, frå 2012 til i dag, er det Giske som har hatt størst prosentvis vekst i folketalet med 17,6 prosent, tett følgt av Sula med ein vekst på 15,6 prosent. I same periode hadde Vanylven kommune og Fjord kommune ein nedgang i folketalet på -10,1 prosent og -9,9 prosent.

Forskjellar i befolkningssamansettinga

Det skil seg litt kommunane mellom kor stor del av befolkninga som er over 80 år. Lågast del eldre finn vi i kommunane Giske og Sula der innbyggarane over 80 år i 2022 utgjer 4,2 prosent av befolkninga. Kommunane Fjord og Vanylven er dei kommunane som prosentvis har størst del eldre over 80 år med 8,4 og 8,1 prosent. Ser vi heile fylket under eitt er 5,1 prosent av befolkninga i 2022  over 80 år. I 2022 utgjer barn i aldersgruppa 0-5 år 6,1 prosent av befolkninga i fylket, ein nedgang frå 6,2 prosent i 2021. Det er i Giske at delen barn er størst, der er 8,0 prosent av befolkninga i aldersgruppa 0-5 år. 

Stor reduksjon i talet på barn og unge 

Sidan år 2000 til i dag er talet på barn og unge gått mykje tilbake i mange kommunar. Frå 2000 til 2022 er det berre 5 kommunar som har hatt vekst i aldersgruppa 0-19 år. Nedgangen, som følgje av låge fødselstal mot slutten av denne perioden, er størst i aldersgruppene 0-5 år og 6-15 år. Det vil seie barn i barnehage- og grunnskolealder. Kommunane har derfor først fått merke nedgangen i forhold til barn i barnehage og i grunnskolen. I denne perioden er det Sula som har hatt størst prosentvis vekst i aldersgruppa 0-19 år, med 24,0 prosent. Talet på ungdom i aldersgruppa 16-19 år har hatt vekst i perioden 2000 til 2022 om vi ser heile fylke under eitt. Ser vi framover dei neste 15 åra vil òg talet på ungdom i aldersgruppa 16-19 år gå ned. I følgje framskrivingane til SSB vil talet på barn og unge i aldersgruppa 0-19 år gå ned i fylket med -5 311 personar frå 2022 til 2037.  

Utfordringa for kommunane framover blir å tilpasse seg dei store endringane i befolkningssamansettinga dei neste tiåra. Som følgje av nedgangen i talet på barn og unge vil kommunane få mindre statlege midlar til denne gruppa. Det betyr at driftsnivået må tilpassast endringane i talet på barn og unge. Samtidig må kommunane rigge ein eldreomsorg som tek høgde for den store auken i talet på eldre.

Forrige tema:
Neste tema: