7. Kultur

Helsestasjon og skolehelsetenesta

Pandemien set preg på helsestasjon- og skolehelsetenesta 

Helsestasjon er eit tilbod til barn frå 0-5 år. Målet er at; foreldre skal oppleve meistring, ein skal fremme fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn, forebygge og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt og bidra til å avdekke avvik, og følgje opp og visa vidare til andre tenester. Skolehelsetenesta er eit tilbod for dei mellom 5 og 20 år. Barn, ungdom og foreldre skal få råd og rettleiing for å fremme psykisk og fysisk helse, og for å forebygge sjukdom og skader. 

KOSTRA-tala om kommunehelse er tal som kommunane sjølve har rapportert til SSB. SSB opplyser at det er ein større auke enn normalt mellom 2020 og 2021 i rapporterte årsverk i helsestasjon- og skolehelsetenesta, og at fleire kommunar har inkludert midlertidig tilsett personell som har bidrege med koronavaksinering. 

Frå 2020 til 2021 har 16 kommunar i Møre og Romsdal ein auke i talet på årsverk i helsestasjon- og skolehelsetenesta, mens 7 kommunar har uendra tal. Resten av kommunane har ein nedgang. Av byane er det Kristiansund som har flest årsverk med 66,7 årsverk per 10 000 innbyggarar i aldersgruppa 0-20 år. Molde og Ålesund ligg nokså likt, og noko under Kristiansund.  

Både i 2020 og i 2021 har kommunane omdisponert personell frå helsestasjon- og skolehelsetenesta til å handtere korona. Oversikt over fylka viser at Vestlandet og Innlandet hadde størst del kommunar med omdisponert personell, medan Agder har lågast del omdisponert personell. I Møre og Romsdal var det 73 prosent av kommunane i 2020 som omdisponerte personell, medan det var 80 prosent i 2021. Det er særleg helsesjukepleiarar som er omdisponert. Tenesta har vore styrka dei siste åra, men aktiviteten i 2021 har vore lågare enn i eit normalår. Det er vanskeleg å vite kva som er reell vekst dei to siste åra.

Forrige tema:
Neste tema: