14. Samferdsel

Trafikksikkerheit

Fleire lettare skadde i trafikken i Møre og Romsdal i 2021 

Talet på lettare skadde i trafikken (riksveg, fylkesveg, kommunal veg) har auka frå 189 til 205 personar i Møre og Romsdal frå 2020 til 2021. Talet på hardt skadde i fylket har gått ned frå 32 til 30 personar frå 2020 til 2021. I Møre og Romsdal vart 3 drepne i vegtrafikken i 2021, like mange som i 2020. Summen av drepne, hardt skadde og lettare skadde er høgare i 2021 enn i 2020. 

Den langsiktige trenden er ein nedgang i drepne og hardt skadde i fylket vårt. Men det var fleire lettare skadde i Møre og Romsdal i 2021 enn i 2018, 2019 og 2020. 

Det er på fylkesveg det skjer flest alvorlege trafikkulykker. Det var 23 drepne/hardt skadde på fylkesveg i Møre og Romsdal i 2021 av totalt 33 drepne/hardt skadde i vegtrafikken i fylket. Utforkøyringsulykker, og dernest møteulykker, tar flest liv og medfører alvorlege skader. Betre vegar, betre vegvedlikehald, forsterking av midtoppmerkinga og strekningsmåling av fart kan medverke til færre ulykker. 

80 personar vart drepne og 569 personar hardt skadde i trafikkulykker i Noreg i 2021. Det skjer ei underrapportering av skadde i vegtrafikken. Ifølge Nasjonal transportplan 2022-2033 er det reelle talet på hardt skadde mellom 1500 og 2000 i Noreg per år. Nasjonal transportplan 2022-2033 foreslår ei skaderegistrering basert på helsevesen-data for å få oversikt over det reelle omfanget, og sette nye mål for talet på hardt skadde ved neste rullering av Nasjonal transportplan i 2026.

Eit positivt trekk er at færre unge mistar livet i trafikkulykker i Noreg. Betre opplæring og endra haldningar bidrar truleg til denne utviklinga. Samstundes er det ein negativ ulykkestrend på godt vaksne menn. Årsaka til dette er ikkje kjend.

Forrige tema:
Neste tema: