16. Personinntekt

Personinntekt

Inntektsforskjellen aukar 

Den gjennomsnittlege bruttoinntekta i Møre og Romsdal er i 2020 på 474 200 kr, nasjonalt er snittet 497 100 kr. Gjennomsnittleg bruttoinntekt er med andre ord 22 900 kr høgare nasjonalt enn i Møre og Romsdal. I 2019 var forskjellen på 18 600 kr, så forskjellen i inntektsnivået aukar om vi samanliknar oss med resten av landet. 

Medianinntekta er eit betre mål på inntektsnivået i ein kommune enn gjennomsnittsinntekta. Medianen er den observasjonen i eit talgrunnlag som er i midten. Medianinntekt er dermed det inntektsnivået der like mange har høgare inntekt som lågare inntekt. Brutto medianinntekt blir med andre ord ikkje påverka av at nokre få i ein kommune har ekstremt høge inntekter, slik som er tilfelle for ei gjennomsnittsberekning. Det er dei yrkesaktive i Vanylven som i 2021 har lågast brutto medianinntekt med
377 600 kr. Høgast brutto medianinntekt i 2020 har dei yrkesaktive i Molde kommune med 432 900 kr. 

I 2020 var det i Herøy at bruttoinntekta var høgast med eit gjennomsnitt på 506 500 kr. Det er berre i kommunane Herøy og Giske at bruttoinntekta er høgare enn snittet for landet. Dei yrkesaktive i Fjord kommune hadde i 2020 den lågaste gjennomsnittlege bruttoinntekta med 423 400 kr. 

Ser vi gjennomsnittsinntekta for kvinner i forhold til gjennomsnittsinntekta for menn, tener kvinnene i fylket 68,2 prosent av inntekta til menn. Det er i Fjord kommune forskjellen på kvinner og menn si inntekt er lågast, der tener kvinnene 77,8 prosent av mennene si inntekt.

Forrige tema:
Neste tema: