3. Arbeidsmarknad

Sjukefråvær og arbeidsløyse

Låg arbeidsløyse 

Per august 2022 er 1,5 prosent av arbeidsstyrken i Møre og Romsdal registrert arbeidsledige. Dette er litt under den nasjonale arbeidsløysa på 1,6 prosent. Med andre ord er det høg sysselsetting og økonomien har tatt seg opp igjen etter eit par år som har vore sterkt prega av koronapandemien. 

Det er variasjon i arbeidsløysa om vi samanliknar kommunane i fylket. Kommunane Stranda, Tingvoll, Surnadal og Smøla har ei arbeidsløyse på 0,6 prosent i august 2022, mens det i Sande kommune er 3,4 prosent av arbeidsstyrken som er arbeidsledige. Av dei tre største byane er arbeidsløysa lågast i Molde med 1,1 prosent. I Kristiansund og Ålesund er arbeidsløysa på 1,6 og 1,7 prosent, per august 2022. 

Sterk prisstiging både på mat og energi kombinert med ei stigande rente, vil på sikt kunne påverke sysselsettingsgraden. Det er grunn til å tru at desse forholda på litt sikt kan føre til lågare etterspørsel etter varer og tenester, noko som vil kunne gje auka arbeidsløyse innanfor enkelte sektorar. Framover vil det vere avgjerande å få dempa trykket i økonomien og få stabilisert prisstiginga (inflasjonen). 

Auka sjukefråvær 

Det legemelde sjukefråværet er i 2. kvartal 2022 på 5,7 prosent i Møre og Romsdal, ein auke på 1,8 prosent det siste året. Til samanlikning var det legemelde sjukefråværet i fylket på 4,9 prosent i 2. kvartal 2018. Det er berre Troms og Finnmark og Nordland som har høgare sjukefråvær i 2. kvartal 2022, med 6,1 prosent. 

Det legemelde sjukefråværet er nasjonalt på 5,2 prosent, ein oppgang på 2,0 prosent om vi samanliknar med 2. kvartal 2021. Koronapandemien må ta ein del av skulda for det auka legemelde sjukefråværet dei siste to åra, sjølv om det nok er kortidsfråværet som har vore mest påverka av pandemien.

Forrige tema:
Neste tema: