Stadig større del av elevane i fylket gjennomfører vidaregåande opplæring
Gjennomføringa i vidaregåande opplæring er målt fem år etter at elevane på dei studieførebuande utdanningsprogramma starta i vidaregåande opplæring og etter 6 år for elevane som går eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2015 gjennomførte 82,8 prosent av elevane vidaregåande opplæring. Dette er ein oppgang på 2,3 prosentpoeng om vi samanliknar med 2014-kullet. Samtidig var det 1,8 prosent av 2015-kullet som gjennomførte vidaregåande opplæring med grunnkompetanse som mål. Av elevane i 2006-kullet gjennomførte 73,2 prosent av elevane den vidaregåande skolen. Gjennomføringa i vidaregåande opplæring har auka med 9,6 prosentpoeng frå 2006-kullet til 2015-kullet. Den auka innsatsen på gjennomføringa i vidaregåande opplæring har med andre ord bore frukter. Denne auken betyr at langt fleire av elevane i kvart kull får fullført utdanninga si og kan vere ein ressurs i arbeidslivet.
Ser vi heile landet under eitt gjennomførte 80,4 prosent av elevane i 2015-kullet vidaregåande opplæring, ein auke på 0,9 prosentpoeng i forhold til 2014-kullet. Den same positive utviklinga vi har sett i Møre og Romsdal har òg gjort seg gjeldande nasjonalt. Av elevane i 2006-kullet gjennomførte 72 prosent av elevane i Noreg vidaregåande opplæring, gjennomføringa har auka med 8,4 prosentpoeng om vi samanliknar med gjennomføringa til 2015-kullet.
Møre og Romsdal i landstoppen i gjennomføring
Gjennomføring i vidaregåande opplæring har dei siste ti åra vorte stadig betre. Mange av elevane i fylket gjennomfører om vi samanliknar oss med dei andre fylka. Det er berre i Sogn og Fjordane og Akershus at 2015-kullet har betre gjennomføring i vidaregåande opplæring. Vi deler «tredjeplassen» med Rogaland der det òg var 82,8 prosent av 2015-kullet som gjennomførte den vidaregåande skolen.
Jentene best på gjennomføring
Av kullet som kom inn i vidaregåande opplæring i 2015, er det flest jenter som gjennomførte vidaregåande opplæring. På dei studieførebuande utdanningsprogramma gjennomfører 94,3 prosent av jentene, mens 89,6 prosent av gutane gjennomfører desse utdanningsprogramma. Jentene har òg betre gjennomføring i yrkesfaga med 76,7 prosent, gjennomføringa for gutane er i yrkesfaga 73,0 prosent.
Grunnlaget for gjennomføringa blir lagt tidleg
Resultata elevane får på dei nasjonale prøvene er ein viktig indikator på korleis det vil gå med elevane i vidaregåande opplæring. Det er ein sterk samanheng med resultatet på desse prøvene og gjennomføringa i vidaregåande opplæring, sterkast er samanhengen for den nasjonale prøva i rekning. Elevane sine resultat på den nasjonale prøva er i ungdomssteget delt inn i 5 meistringsnivå, der meistringsnivå 5 er det høgaste nivået. Av elevane i 2015-kullet i vidaregåande opplæring som skåra på meistringsnivå 5 på den nasjonale prøva i rekning på 8. årssteg, gjennomførte 96,7 prosent den vidaregåande skolen. Av elevane som skåra på meistringsnivå 1, gjennomførte 54,8 prosent av elevane opplæringa.
Kristiansundarane er best på gjennomføring
Heile 21 av kommunane i Møre og Romsdal har betre gjennomføring enn det nasjonale snittet. For 2015-kullet var det elevar frå Kristiansund kommune som hadde best gjennomføring i vidaregåande opplæring, med 88,7 prosent.