4. Sysselsetting og næringsliv

Næringsstruktur

Nesten 3 000 fleire sysselsette 

Etter ein vanskeleg periode i arbeidsmarknaden med pandemi og smitteverntiltak, auka sysselsettinga igjen med 2,3 prosent målt frå 4. kvartal 2020 til 4. kvartal 2021. Under pandemien fall sysselsettinga både i fylket og landet med 1,1 prosent. Når sysselsettinga no aukar igjen, er veksten lågare her enn den nasjonale, som var på 3,0 prosent. Den nasjonale veksten var i tal sysselsette på om lag 80 000 og i Møre og Romsdal på om lag 3 000 sysselsette. 

I eit litt lengre tidsperspektiv er det enda større skilnad mellom utvikling i fylket og i landet. Nasjonalt auka sysselsettinga med 4,3 prosent mellom 2017 og 2021, mens tilsvarande vekst i fylket var på 1,9 prosent, altså under halvparten av nasjonal vekst.

Både målt frå 2017 og 2020 er veksten til 2021 sterkast innan bergverksdrift og utvinning, med høvesvis ein vekst på 79,3 prosent frå 2017 og 23,1 prosent frå 2020. I denne næringa er det blant anna fleire store selskap som ligg i grenselandet mellom tenesteleverandørar til oljebransjen og klassisk industri. 

Overnattings- og serveringsverksemd hadde nest best utvikling sidan 2020, noko som ikkje er unaturleg da sysselsettinga fall grunna restriksjonane i pandemien. Samtidig er desse tala frå starten av 4. kvartal 2021, ei tid da det framleis både var utbrot og restriksjonar for mange i bransjen. 

Samanliknar vi næringsstrukturen i Møre og Romsdal med landet ser vi at Møre og Romsdal har ein langt høgare del sysselsett innan jordbruk, skogbruk og fiske. Innanfor sekundærnæringane er også sysselsettinga relativt sett høgare i fylket enn i landet, mens vi har ein lågare del sysselsett i sørvisnæringa, offentleg administrasjon og personleg tenesteyting.

Forrige tema:
Neste tema: