11. Klima og miljø

Avfall

Markant auke i avfall frå hushalda 

I 2021 vart det i gjennomsnitt kasta 425,7 kg avfall per innbyggar frå hushalda i Møre og Romsdal. Dette er 46,3 kilo meir enn i 2015, og 4,0 kg meir enn i 2020. Tala er henta frå kommunane si Kostra-rapportering og inkluderer både det avfallet som blir henta av renovasjonsselskapa hos husstandane og det som blir levert på gjenvinningsstasjonane. 

Møre og Romsdal ligg i 2021 nær landsgjennomsnittet som er 430,5 kg per innbyggar. Men mens Møre og Romsdal har ein auke frå 2015 til 2021, er det ein liten reduksjon på landsbasis. Auken i Møre og Romsdal kom med pandemien i 2020 og 2021, og den største auken var i treavfall, plastavfall og hageavfall. 

Det er kommunane på Nordmøre som rapporterer mest avfall frå hushaldningane per innbyggar, med rundt 590 kg per innbyggar. Kommunane på Søre Sunnmøre har lågast del, og med rundt 330 kg per innbyggar. 

Sjølv om avfallsmengda aukar i Møre og Romsdal, er det ei positiv utvikling er at ein stadig større del blir levert til gjenvinning. Dette gjeld både i fylket og nasjonalt. I 2021 gjekk 42,6 prosent av hushaldsavfallet til materialgjenvinning (inkl. biologisk behandling) mot 33,0 prosent i 2015. Det er delen som går til forbrenning som er redusert, og i 2021 utgjer dette 53,7 prosent. Delen som går til deponi er stabil og var i 2021 3,1 prosent. 

Målt i vekt er det nesten like stor del hushaldsavfall som blir henta heime som blir levert på gjenvinningsstasjonar. I Møre og Romsdal vart 51,7 prosent av hushaldsavfallet i 2021 henta hos husstandane, denne delen er 54,2 prosent nasjonalt. Her er det stor variasjon mellom dei ulike regionane i Møre og Romsdal, der delen som blir henta ligg på rundt 60 prosent på Søre Sunnmøre mot rundt 40 prosent på Nordmøre.

Forrige tema:
Neste tema: