4 500 barn i låginntekstfamiliar i fylket
Talet på barn og unge som veks opp i familiar med vedvarande låginntekt i Møre og Romsdal er nær dobla frå 2004 til 2020 og utgjer no 9,2 prosent av alle barn 0-17 år i fylket. Grensa for fattigdom er vanleg å sette ved hushaldsinntekt som er mindre enn 60 prosent av medianinntekta i landet (EU-skala 60 prosent). Vedvarande låginntekt inneber her dei siste tre åra.
Talet på barn som bur i låginntektsfamiliar har gått litt ned i Møre og Romsdal. På landsbasis er utviklinga stabil dei siste tre åra.
Møre og Romsdal er blant fylka med lågast del barn som veks opp i fattige familiar og ligg under landsgjennomsnittet som er 11,7 prosent. Oslo skil seg ut med 17,2 prosent, men også her har den negative utviklinga flata ut dei siste åra. Det er stor variasjon mellom kommunane i fylket i del barn som veks opp i fattige familiar. For åra 2018-2020 variere det frå 5,9 prosent i Vanylven kommune til 12,3 prosent i Sunndal kommune. Kommunane Sande, Kristiansund og Aure ligg også over landsgjennomsnittet. Sjå meir om den enkelte kommune på nettsida barnefattigdom.no.
Barn med innvandrarbakgrunn er sterkt overrepresentert i låginntektsgruppa. På landsbasis har 6 av 10 barn i låginntektshushaldningar innvandrarbakgrunn. Særleg gjeld dette barn som er fødd i utlandet og flytta til Noreg. I 2020 var låginntektsandelen i denne gruppa av barn 48,4 prosent. Dei viktigaste faktorane for om eit barn veks opp i ein låginntektsfamilie er om foreldra er i arbeid, om foreldra har låg utdanning, om familien har offentlege ytingar som hovudinntektskjelde, eller om barn veks opp med berre ein forsørgar.