6. Eksport

Eksport

Stadig nye eksportrekordar 

Sterkt drive av høge prisar vart 2021 eit rekordår for eksporten frå Noreg. Samla fastlandseksport vart på  542,6 milliardar kroner, opp 22,4 prosent frå året før. Fastlandseksport er eksport av såkalla tradisjonelle varer og inkluderer ikkje råolje, naturgass, skip og oljeplattformar. Veksten frå 2020 til 2021 var på 99,2 milliardar kroner. 

Fastlandseksporten frå Møre og Romsdal auka frå 42,6 til 47,8 milliardar kroner, ein vekst på 12,2 prosent frå 2020 til 2021. Det er tredje lågast av alle fylka, berre Viken og Innlandet hadde lågare relativt vekst enn Møre og Romsdal. Sterkast vekst hadde Vestland, med heile 41,1 prosent og Nordland med 28,6 prosent. Desse fylka, saman med veksten i eksport av varer med opphav frå fleire fylker, var grunnlaget for den høge nasjonale veksten. 

Tala for perioden januar til august for 2022 fortel oss at denne utviklinga held fram. Samanlikna med same periode for 2021 har det vore ein vekst på 103,1 milliardar for landet samla i fastlandseksporten, medan den har auka med 6,4 milliardar i Møre og Romsdal. Det gir ein vekst på landsbasis på 30,4 prosent og i fylket på 21,8 prosent. 

Møre og Romsdal hadde ei svakare utvikling i eksporten av fisk samanlikna med dei andre store fiskeksportfylka. Verdien av eksporten hadde ein vekst frå 2020 til 2021 på 10,4 prosent. Det er lågare enn veksten i same periode for Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark. Veksten i desse fylka var høgare. Lågast vekst hadde Trøndelag (12,5 prosent), mens den var høgast i Nordland, (26,2 prosent). 

Fiskeeksporten frå Møre og Romsdal var i 2021 på om lag 21 milliardar og utgjorde 17,7 prosent av den nasjonale fiskeeksporten.

Forrige tema:
Neste tema: