Investeringar, drift og vedlikehaldskostnader på fylkesveg 2013-2021
Nordøyvegen er det største og mest kostnadskrevjande fylkesvegprosjektet i 2019-2021.
Nordøyvegen består av eit brusamband og tre undersjøiske tunnelar som gir fast vegsamband mellom øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya, Fjørtofta, Harøya og fastlandet.
Det blir framleis ferje mellom Brattvåg og Dryna etter at Nordøyvegen er opna. Det er også vedtatt å opprette ei ny hurtigbåtrute for strekninga Ålesund - Valderøy - Store Kalvøy - Hamnsund, eventuelt Lepsøya.
Skredsikringsprosjektet Korsmyra-Indreeide på fylkesveg 63 til Geiranger består av ein 4,8 km lang tunnel mellom Eidsdal og Geiranger. Denne tunnelen vil gi ein sikrare vinterveg når den blir ferdig hausten 2023. Det er brukt 338,2 mill. kr på dette prosjektet i åra 2018-2021.
Nordøyvegen og skredsikringsprosjekt har andre finansieringskjelder i tillegg til ordinære fylkesvegmidlar.
Mindre utbetringar i tunnel, bruer, ferjekaier og forsterkning av vegstrekningar var dei største postane utover Nordøyvegen og rassikring i 2021. Gjennomsnittlege, årlege kostnader til fylkesvegprosjekt i perioden 2013-2022 er på 1,048 mrd. kroner.
Til drift og vedlikehald av fylkesveg i Møre og Romsdal vart det nytta 604,6 mill. kroner i 2021. Desse driftsmidlane kjem i tillegg til investeringsmidlane over. Entreprenørar som har inngått kontrakt med fylkeskommunen, utfører det praktiske arbeidet med drift og vedlikehaldet på fylkesvegane. Sentrale oppgåver er vintervedlikehald (snøbrøyting og strøing), vedlikehald på bruer og ferjekaier, asfaltering og vegoppmerking, drift og vedlikehald av grøfter og rekkverk mv.