1. Demografi

Flytting

Negativ nettoflytting 

Nettoflyttinga er summen av den innanlandske nettoflyttinga og nettoinnvandringa. I 2021 var nettoflyttinga i Møre og Romsdal negativ, flytte­underskotet var på -47 personar. Ei viktig årsak til den negative utviklinga er ein ytterlegare nedgang i netto innvandring i forhold til året før. I 2020 var nettoinnvandringa til fylket på 719 personar, mens den i 2021 berre var på 584 personar. Det gir ein nedgang i nettoinnvandringa frå 2020 til 2021 på 135 personar eller 18,8 prosent. 

16 av kommunane i fylket hadde i 2021 negativ nettoinnflytting. I tal personar var det kommunane Herøy, Kristiansund og Ulstein som hadde størst flytteunderskot med -90, -77, og -70 personar. Ser vi nettoflyttinga i prosent av folketalet er underskotet størst i Aure, Sande og Herøy med -1,8, -1,0 og -1,0 prosent. Størst netto flyttoverskot har Sula med 106 personar, noko som utgjer 1,1 prosent av folketalet. Ser vi nettoflyttinga i tal personar er overskotet størst i Ålesund, der det flytta 165 personar fleire til kommunen enn ut av kommunen. 

Nettoflyttinga til fylket er redusert dei seinare åra, til dømes var nettoflyttinga i 2012 på 2 210 personar mot – 47 personar i 2021. Spesielt åra 2019, 2020 og 2021 var nettoflyttinga låg med -18, 58 og -47 personar.  Den reduserte innvandringa dei seinare åra er årsaka til reduksjonen i nettoflyttinga. 

Betring i innanlandsflyttinga  

Møre og Romsdal har i lang tid hatt eit underskot i innanlandsflyttinga. Underskotet låg i fleire år rundt -1000 personar, som betyr at det flytta om lag 1000 fleire ut av fylket til andre kommunar i Noreg enn personar som flytta til. Det var ein markant nedgang i innanlandsflyttinga i 2020, då underskotet vart redusert frå -972 personar i 2019 til -661 personar i 2020. I 2021 er underskotet ytterlegare redusert til -631 personar. Sju kommunar hadde positiv innanlandsk flyttebalanse i 2021.

Innvandrarane flyttar ut 

Det er innbyggarar med innvandrarbakgrunn og barna deira som utgjer den største delen av det innanlandske flytteunderskotet. I 2021 flytta -535 fleire personar frå innvandrarbefolkninga ut av fylket enn som flytta til. I den resterande delen av befolkninga er det innanlandske flytteunderskotet på -96 personar. 

Fleire personar i 20-åra flyttar ut 

Det innanlandske flytteunderskotet i aldersgruppa 20-29 år aukar igjen etter eit par år med redusert flytteunderskot for denne aldersgruppa. I 2021 var det innanlandske flytteunderskotet for denne aldersgruppa på -714 personar mot -648 personar i 2020. For aldersgruppa 30-39 år er det ei positiv utvikling, eit innanlandsk flytteoverskot på 92 personar i denne aldersgruppa er betre enn på fleire år. 

Stor tilflytting til Viken fylke 

Viken fylke hadde eit innanlands flytteoverskot på heile 9 816 personar i 2021, ein auke på 2 507 personar frå 2020. Situasjonen var ein annan for Oslo der det innanlandsk flytteunderskotet i 2021 var på -6 487 personar mot –2 758 i 2020. Det gir ei auke i det innanlandske flytteunderskotet for Oslo på -3 729 personar frå 2020 til 2021. Den auka utflyttinga frå Oslo kjem i liten grad heile landet til gode, mange av dei som flyttar ut av Oslo slår seg ned i det sentrale austlandsområdet og aukar innbyggartalet i Viken. 7 av 11 fylke hadde i 2021 underskot i den innanlandske flyttinga. For Trøndelag sin del er dette underskotet marginalt med berre -33 personar, mens Troms og Finnmark har eit underskot på -1 932 personar. For Nordland var underskotet på -1 350 personar. Ser vi dette saman med underskotet i innalandsflyttinga til Troms og Finnmark, er det eit betydeleg underskot i den nordlegaste delen av landet. Innlandet fylke har eit lite overskot i innanlandsflyttinga med 196 personar.

Forrige tema:
Neste tema: