4. Sysselsetting og næringsliv

Utvikling i kommunane

Størst vekst i sysselsetting på Sunnmøre 

Den gode veksten i sysselsettinga frå 4. kvartal 2020 til 4. kvartal 2021 vi finn på fylkesnivå fordelar seg ulikt mellom kommunane. Av dei 26 kommunane i fylket hadde 11 ein vekst som var høgare enn det nasjonale snittet (3,0 prosent), blant desse er åtte kommunar på Sunnmøre. 

Målt i prosent var veksten sterkast i Volda, med 6,6 prosent, mens Giske (5,7 prosent) og Herøy (5,5 prosent) kom på plassane bak. Av dei andre vekstkommunane hadde to ein vekst høgare enn fylkesgjennomsnittet (2,3 prosent), mens seks hadde ein vekst under fylkesgjennomsnittet. 

Seks kommunar opplevde i same periode ein nedgang i sysselsettinga. Dels sterk nedgang, som til dømes i Sunndal og Smøla, med ein nedgang på 5,3 og 4,2 prosent. I Sunndal kom nedgangen i stor grad innafor industrien, mens på Smøla var nedgangen størst innan akvakultur. 

Bak landsgjennomsnittet 

Om ein ser på utviklinga frå 4. kvartal 2017 til 4. kvartal 2021, er skilnaden mellom det nasjonale snittet og Møre og Romsdal enda større. Sjølv om veksten i fylket var betre enn på mange år, var utviklinga 28 prosent betre på landsbasis frå 2020 til 2021, og utviklinga frå 2017 til 2021 54 prosent betre. Berre åtte kommunar i fylket hadde ein vekst som var høgare enn landsgjennomsnittet i den perioden. 

Sysselsettinga auka mest i Herøy, Ålesund og Sykkylven i den tidsperioden, med ein prosentvis vekst på høvesvis 9,4, 6,7 og 5,6 prosent. Tre kommunar skil seg ut med ein relativ sterk nedgang i sysselsettinga i same periode. Sunndal hadde ein nedgang på -8,8 prosent, mens nedgangen i Aukra og Hareid var på -8,4 og -8,1 prosent. I alt hadde 15 kommunar vekst i sysselsettinga frå 2017 til 2021, mens 11 hadde nedgang.

Forrige tema:
Neste tema: