9. Tannhelse

Tannhelse

Litt dårlegare tannhelse hos 18-åringane i fylket 

Fylkeskommunen har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta, som driv helsefremmande og førebyggande arbeid og gir gratis tannbehandling til prioriterte grupper, i hovudsak barn og unge, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie og personar i kommunal og statleg rusomsorg. Med fokus på kvalitet og pasientsikkerheit er hovudoppgåva å medverke til livslang god tannhelse. 

Karies er ein indikator som kan synleggjere tannhelsa. Tabell 1 gir ein oversikt over kor stor del av indikatorårskulla som i 2021 var utan karieserfaring i kvar enkelt kommune i fylket. Tala gir eit relevant datagrunnlag for folkehelsearbeidet i kommunane. Det er relativt store kommunevise variasjonar som kan vere vanskeleg å forklare ut frå demografiske eller sosioøkonomiske faktorar. Tannhelsa for 5- og 12-åringane i fylket har betra seg i 2021, mens 18-åringane har ein auke i karies. 23 prosent av dei 3 278 18-åringane i fylket har ikkje hatt hol i tennene. Dette er dårlegare enn landet elles, der i snitt 32 prosent av 18-åringane ikkje har karieserfaring. 

I 2021 var 63 389 personar, eller 24 prosent av innbyggarane i fylket, under tilsyn av tannhelsetenesta. Gruppa barn og unge 3-18 år utgjer 48 122 personar.  For denne målgruppa ser vi at delen som har hatt eit regelmessig og oppsøkande tilbod ved distriktstannklinikkane har gått ned frå 98 prosent i 2019 til 86 prosent i 2021. Også for dei andre målgruppene er det ein reduksjon i tilsynsprosenten, noko som i hovudsak skuldast redusert behandlingskapasitet som følgje av strenge smitteverntiltak under koronapandemien.

Forrige tema:
Neste tema: