17. Likestilling og demokrati

Representasjon i kommunestyra

Kvinner og unge er underrepresentert 

Resultata frå kommunevalet i 2019 viser at både kvinner, unge og eldre er underrepresentert i kommunestyra. Valet i 2019 gav ein samla kvinnedel i kommunestyra på 36,4 prosent, ein nedgang på 1,6 prosentpoeng frå valet i 2015. Møre og Romsdal er det fylket med lågast del kvinner i kommunestyra, landsgjennomsnittet er 40,1 prosent. Ser vi på kjønnsfordelinga mellom partia i kommunestyra i Møre og Romsdal, finn vi at partia Raudt og Sosialistisk venstreparti (SV) har over 50 prosent kvinner. Lågast del kvinner er det blant representantane frå Framstegspartiet, der kvinnedelen er 23,2 prosent. 

Samla sett ligg kommunane i Møre og Romsdal også noko under landsgjennomsnittet i del unge mellom 18 til 29 år i kommunestyra. Desse utgjer 8,7 prosent i Møre og Romsdal mot 10,7 prosent nasjonalt. Til samanlikning utgjer gruppa 18-29 år rundt 18 prosent av dei røysteføre i Møre og Romsdal. 

Ved kommunevalet 2015 kom det inn fleire unge kvinner enn unge menn i kommunestyra i Møre og Romsdal. Dette endra seg ved valet i 2019, denne perioden er det færre unge kvinner med i kommunestyra i fylket. I alderen 18-29 år er det 34 kvinner mot 32 menn. I gruppa 30-39 år er det 61 kvinner og 63 menn. Nasjonalt auka både delen unge kvinner og unge menn i kommunestyra i 2019. Gruppa 60 år og eldre utgjer om lag 34 prosent av dei røysteføre i Møre og Romsdal. I kommunestyra i fylket utgjer denne gruppa til saman 22,8 prosent av representantane, det er ein auke på 1,9 prosentpoeng frå 2015. Det kviler eit ansvar på partia å legge til rette for eit mangfald i kommunestyra, ikkje berre med omsyn til alder og kjønn, men også når det kjem til etnisk bakgrunn og personar med funksjons­nedsetting.

Forrige tema:
Neste tema: