5. Forsking og utvikling

Prosjektstøtte

Skattefunn-ordninga – viktig verkemiddel for FoU-arbeidet i norsk næringsliv 

Skattefunn-ordninga vart etablert i 2002 for å stimulere til satsing på forsking og utvikling (FoU) i norsk næringsliv. Ordninga er ei skatteinsentivordning og bedriftene har krav på skattefrådrag for sine FoU-kostnadar etter retningsliner utarbeidd av Finansdepartementet. Skattefunn er, i følgje Forskningsrådet, mykje brukt. Berre dei siste 10 åra har det blitt tildelt 48,5 milliardar til forsking og utvikling i norske bedrifter frå denne ordninga. Forsking- og utviklingsarbeid er viktig for å skape nye produkt og utvikle allereie etablert teknologi. Det har dei siste åra vore retta mykje merksemd på «det grøne skifte». For å skape rom for forsking på ny grøn teknologi, er støtteordningar som «Skattefunn» veldig viktige. 

I 2021 vart næringslivet i Møre og Romsdal tilført i overkant av 192 millionar kroner til forsking og utvikling frå Skattefunn-ordninga. Heile 308 prosjekt fekk støtte frå ordninga i 2021. I 2017 fekk næringslivet i fylket tildelt i overkant av 312 millionar, det er den største tildelinga det siste tiåret. I 2021 var det berre fylka Agder, Innlandet, Troms og Finnmark og Nordland som fekk mindre middel tildelt frå Skattefunn. Skattefunn-ordninga tilførte i 2021 næringslivet i Oslo om lag 1,5 milliardar kr. Næringslivet i Viken fekk til samanlikning tildelt i overkant av 800 millionar kr. 

Tildeling på 4,8 milliardar 

Ser vi heile landet under eitt vart det utbetalt 4,8 milliardar kr frå Skattefunn-ordning i 2021. Dette omfattar 6 266 prosjekt innanfor ei breitt fagspekter. Det er på teknologiområdet det er flest tildelingar, heile 5 359 prosjekt har fått støtte innan dette området i 2021.

Forrige tema:
Neste tema: