7. Kultur

Frivilligheit og organisert aktivitet

Frivilligheita - limen i samfunnet 

I 2022 er det frivilligheita sitt år i Noreg. Dette blir feira av lag og foreiningar over heile landet med eit breitt spekter av aktivitetar og arrangement. For mange menneske betyr fritidsaktivitetar og frivillig arbeid mykje, mange får eit rikare liv gjennom slik aktivitet. Opplevinga av eit sosialt fellesskap og det å skape noko saman er viktig for mange. Lag og foreiningar er viktige for lokalsamfunna, dei skapar møteplassar og sosiale arenaer for innbyggarane. 

Nesten ein fjerdedel av befolkninga i Møre og Romsdal deltek ikkje i organisert aktivitet 

Våren 2021 gjennomførte Møre og Romsdal fylkeskommune, i samarbeid med Folkehelseinstituttet, ei folkehelseundersøking i fylket. I denne undersøkinga var det med spørsmål knytt til fritidsaktivitetar og frivillig arbeid. Resultata frå denne undersøkinga viser at det er langt frå alle som deltek i fritidsaktivitetar. 

På spørsmålet om «Kor ofte deltek du i organisert aktivitet, som til dømes idrettslag, politiske lag, trussamfunn, kor eller liknande?», er det innbyggarane i Kristiansund kommune som har høgst svarprosent på at dei aldri deltek i organisert aktivitet på fritida. Det var 29,9 prosent av kristiansundarane som svarte at dei aldri deltek i slik aktivitet. 

Høgast del som oppga at dei ikkje deltek på aktivitetar som møte, å treffe venner, trimturar med venner/kollegaer var det i Vanylven kommune. Eit gjennomsnitt av resultata viser at 23,8 prosent av innbyggarane i Møre og Romsdal aldri deltek på ein organisert aktivitet, og 4,4 prosent ikkje deltek i uorganisert sosial aktivitet.

Forrige tema:
Neste tema: