10. Helse og sosialsektoren

Sjølvmord

Langt fleire menn enn kvinner tek sjølvmord 

Totalt tok 657 personar, 481 menn og 176 kvinner sitt eige liv i Noreg i 2021. Det er 14 fleire enn i 2020. Etter at talet passerte 600 i 1983, har den aukande tendensen stoppa noko opp, men det er store årlege svingingar. Det er også tilfellet for Møre og Romsdal, talet har dei siste 35 åra variert mellom 10 og 33. Talet er svakt synkande dei siste tre åra, og med 20 i 2021, er det det lågaste sidan 2014. 

Sett i forhold til folketalet, ligg Møre og Romsdal for perioden 2017-2021 under landsgjennomsnittet for både menn og kvinner 0-74 år. Førekomsten blant kvinner er den lågaste i heile landet. 

I åra 2017-2021 var det 125 personar som tok livet sitt i Møre og Romsdal, av desse var det 105 menn, det er ein prosentdel på 84 prosent. Nasjonalt var delen menn lågare med 71 prosent, forskjellen skuldast det låge talet kvinner i Møre og Romsdal. 

Vi får ikkje ut aldersfordeling på fylkesnivå, men nasjonale tal er tilgjengeleg. Det viser at 178 personar under 20 år og 505 personar i 20-åra tok livet sitt i Noreg åra 2017-2021. Men sjølvmord fordeler seg i alle aldersgrupper, og det er blant personar i 40 og 50-åra at talet er høgast, med 594 og 608 i same periode. 

Handlingsplan for førebygging av sjølvmord 2020 – 2025- “Ingen å mista”, vart lansert 10. september 2020. Med denne handlingsplanen vart det innført ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg på samfunnsnivå. Hausten 2022 blir prosjektet «Folkeopplysningskampanje om førebygging av sjølvmord» igangsett i fylket vårt. Målet er å opplysa befolkninga om at det ikkje er farleg å snakka om sjølvmordstankar, men at det derimot kan redde liv. Kampanjen skal nå heile befolkninga i region midt, men med eit særleg fokus på menn.

Forrige tema:
Neste tema: