1. Demografi

Framskrivingar

Folketalsprognosen blir stadig nedjustert

SSB utformar nye framskrivingar av folketalet anna­kvart år, det kom nye framskrivingar i juli 2022. Framskrivingane er viktige i den langsiktige planlegginga på alle forvaltningsnivå og er viktige reiskap for å dimensjonere vare- og tenesteproduksjonen. Dei bygger på demografiske føresetnader som fruktbarheit, dødelegheit, innanlandsflytting og prognosar for nettoinnvandringa framover. Regionale forskjellar i demografisk åtferd dei siste 10 åra er viktige føresetnader for prognosane. 

Samfunnsutviklinga og føresetnadene for framskrivingane endrar seg, det er derfor SSB kjem med nye annakvart år. Dette ser vi om vi samanliknar dei seinare års framskrivingar for folketalet i Møre og Romsdal. I følge framskrivinga som SSB utarbeidde i 2012 skulle folketalet i fylket vere på 308 072 personar i 2037. Ser vi på framskrivinga som vart utarbeidd no i 2022 er dette justert ned. Det er etter dei nye framskrivingane forventa at folketalet i fylket blir 273 328 personar i 2037. Lågare fødselstal og låg innvandring til fylket dei seinare åra er faktorar som har påverka SSB si nyaste framskriving. 

I følge SSB sine framskrivingar vil folketalet fram mot 2037 gå ned i 12 av kommunane i fylket. Størst prosentvis nedgang blir det i Vanylven kommune, der folketalet går ned med -12,8 prosent. Størst prosentvis vekst har Aukra kommune, der prognosane viser ein vekst på 13,2 prosent dei neste 15 åra. I kommunane Giske og Sula er det òg venta folketalsauke fram mot 2037. Prognosane for desse kommunane viser ein vekst i befolkninga på 12,8 og 12,1 prosent. Veksten i tal personar blir størst i Ålesund kommune, der det er forventa ein vekst på 3 549 personar til 2037. 

For Møre og Romsdal viser prognosane ein svak befolkningsvekst på 2,8 prosent fram mot 2037. For landet er det venta ein prosentvis vekst på 7,3 prosent, det inneber at folketalet i Noreg i 2037 blir 5 823 246 personar. 

Nær dobling i talet på eldre over 80 år 

Framskrivingane til SSB viser at alderssamansettinga i fylket vil endre seg dei neste åra, talet på eldre over 80 år vil auke mykje dei neste 10 til 15 åra. I kommunane Gjemnes, Kristiansund og Vestnes aukar talet på eldre over 80 år med 124,6 prosent, 110,8 prosent og 109,3 prosent fram mot 2037. I tal personar utgjer dette for Gjemnes ein auke på 157 personar over 80 år, mens det for Kristiansund og Vestnes er snakk om ein auke på 1 261 og 401 personar. 

Den prosentvise auken i talet på innbyggarar over 80 år er noko lågare i fylket enn det nasjonale gjennomsnittet. I Møre og Romsdal aukar talet på eldre over 80 år med 83,2 prosent dei neste 15 åra, mens det nasjonalt i same periode blir ein auke på 86,7 prosent. 

Levealderen vil auke 

Når SSB utformar nye folketalsframskrivingar blir det samtidig utarbeidd prognosar for venta levealder. 

Kvinner i Stranda kommune fødd i 2037 vil leve lengst av kvinnene i fylket, dei skal i snitt bli 88,7 år. Menn fødd i Stranda i 2037 er dei som vil leve lengst av mennene i Møre og Romsdal, dei skal i følge prognosane bli 86,2 år. Samanliknar vi med menn fødd i Stranda i 2022, aukar levealderen med 2,7 år for dei som blir fødd i 2037. At levealderen er venta å auke, er med å forsterke auken i talet på eldre. 

SSB publiserer ikkje årleg venta levealder etter fylke, berre kommunar. Ser vi på forventa levealder for dei som vart fødd i 2014-2020, så toppar Møre og Romsdal fylkesrangeringa. For menn fødd i denne perioden er venta levealder 81,4 år og for kvinner 84,9 år.

Forrige tema:
Neste tema: