8. Utdanning og kompetanse

Høgare utdanning

Auke i tal studentar på høgskolane i fylket i 2021 

Det har dei siste åra vore ein stor auke i talet på studentar ved høgskolane i fylket. I 2016 var det samla talet på studentar (per 1.10) på høgskolane i fylket 8 270, i 2021 er det 10 268 studentar. Dette representer ein auke på 1 998 studentar, eller 24,2 prosent. 

Høgskulen i Volda er framleis den av høgskolane i fylket som har flest studentar. I Volda var det i 2021 4 310 studentar, noko som er ein liten nedgang på -105 studentar frå 2020. Høgskulen i Volda har hatt ein vekst i talet på studentar sidan 2016 på 660 studentar, ein auke på 18,1 prosent. 

I 2021 var det 2 847 studentar ved høgskolen i Molde. Høgskolen hadde ein auke i talet på studentar frå 2020 til 2021 på 399 studentar, i prosent ein auke på 16,3. I perioden 2016-2021 har studenttalet ved skolen auka med 699, ein auke i perioden på 32,5 prosent. 

NTNU Ålesund hadde ein auke i talet på studentar frå 2 477 i 2020 til 2 512 i 2021, ein auke på 35 studentar. I perioden 2016-2020 auka talet på studentar med 179 studentar eller 7,7 prosent. 

Fleire studentar ved Høgskolen i Molde sitt studietilbod i Kristiansund 

Høgskolen i Molde og Dronning Maud er dei to høgskolane som har studietilbod ved høgskolesenteret i Kristiansund. Desse tilboda skal flytte inn i Campus Kristiansund når det står ferdige i 2024 og vil utgjere ein viktig del av Campus. Det er Høgskolen i Molde som har flest studentar og breiast studietilbod i Kristiansund. Dronning Maud har eit desentralisert tilbod om barnehagelærarutdanning, i 2021 var det 75 studentar ved dette tilbodet. Totalt var det 599 studentar ved høgskulesenteret i 2021, ein oppgang på 125 studentar frå 2020. Høgskolen i Molde har dei seinare åra bygd opp eit høgskoletilbod i Kristiansund med over 500 studentar.  

Fleire tek høgare utdanning 

Delen av befolkninga som har høgskoleutdanning har auka mykje dei siste tiåra. Det er vanleg å skilje mellom kort og lang høgare utdanning. Med lang høgare utdanning er det her meint utdanning på over 4 år. I 1981 hadde 7,4 prosent av innbyggarane i fylket kort høgare utdanning, mens 1,3 prosent av befolkninga hadde ei lang høgare utdanning. Nasjonalt var det 9,1 prosent som hadde ei kort høgare utdanning og 2,5 prosent som hadde ei lang utdanning på høgskole eller universitet. Utdanningsnivået var med andre ord lågare i Møre og Romsdal enn for landet som heile. I 2021 hadde 23,5 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal tatt ei kort høgare utdanning og delen med lang høgare utdanning har auka til 6,5 prosent. Nasjonalt har 25,0 prosent ei kort høgare utdanning og 11,0 prosent har tatt ei lang høgare utdanning. Utdanningsnivået i fylket ligg framleis noko lågare enn det nasjonale snittet. Dette til trass har utdanningsnivået i fylket auka mykje sidan 1981, delen som har tatt ei kort høgare utdanning har til dømes auka med 16,1 prosentpoeng. 

Samanliknar vi oss med alle fylke er vi eit av fylka med lågast utdanningsnivå, det er berre innbyggarane i Innlandet og Nordland som har lågare utdanningsnivå enn i Møre og Romsdal. 

Utdanningsgap mellom kvinner og menn i Møre og Romsdal 

I 2021 er det langt fleire kvinner i fylket som har utdanning frå høgskole eller universitet enn menn. Av kvinnene er det 36,0 prosent som har høgare utdanning mot menn der 24,2 prosent har slik utdanning. Går vi tilbake til 1981 hadde 10,0 prosent menn høgare utdanning, mens 7,5 prosent av kvinnene hadde utdanning på tilsvarande nivå. Det var først nærmare tusenårsskiftet at dette snudde i kvinnene sin favør. I Oslo har 57,2 prosent av kvinnene høgare utdanning og er i ei særstilling om vi samanliknar med resten av fylka.

Forrige tema:
Neste tema: