13. Bustadmarknaden

Igangsette og fullførte bustadar

Fall i talet på igangsette bustadar 

Bustadbygginga er for mange ein viktig indikator på kor attraktivt eit område er. Vekst i bustadmarknaden er ofte ein indikasjon på ein økonomi i vekst og eit bilete på folk si framtidstru. 

Frå 2019 til 2020 fall talet på igangsette bustadar i fylket med -6,4 prosent eller -88 bustadar. I 2021 vart det igangsett 1 119 bustadar, ein nedgang på -177 bustadar eller 13,7 prosent frå 2020. Frå 2019 til 2021 er talet på igangsette bustader redusert med -265 einingar. Dette representerer ein nedgang i bustadbygginga frå 2019 på 19,1 prosent. Ser vi heile landet under eitt var det ein svak oppgang i talet på igangsette bustadar i 2021. Frå 2020 til 2021 auka talet på igangsette bustadar med 143 eller 0,5 prosent, med andre ord ein marginal vekst i bustadbygginga. Samanliknar vi 2021 med 2019, gjekk talet på igangsette bustadar ned med -1 552 bustadar. 

I kommunane varierer talet på igangsette bustadar mykje frå år til år. Tilgjengeleg og ferdig regulerte areal til bustadføremål, kan vere eit av forholda som påverkar bustadbygginga. Av dei tre største byane i fylket er det Kristiansund som i 2021 hadde vekst i talet på igangsette bustadar. Veksten i Kristiansund frå 2020 til 2021 er på 54 bustadar eller 110,2 prosent. Molde og Ålesund hadde ein nedgang i igangsette bustadar frå 2020 til 2021 på -47,4 og -28,7 prosent. Størst prosentvis vekst er det i Stranda og Hustadvika med 350,0 og 287,5 prosent auke i igangsette bustadar frå 2020 til 2021. 

I perioden 2017-2021 vart det fullført 5 640 bustadar i Møre og Romsdal. Det er rekkehus og einebustadar det er oppført flest av,  2 179 rekkehus og 1 819 einebustadar er oppført i denne perioden.

Forrige tema:
Neste tema: