41 prosent færre hurtigbåtreiser i 2021 samanlikna med 2019
Totalt, utan Kystekspressen, vart det registrert 335 819 fylkesinterne reisande med hurtigbåt i Møre og Romsdal i 2021. Dette er ein reduksjon på 41 prosent samanlikna med 2019, og 13 prosent reduksjon samanlikna med 2020. Totalt var det over 230 000 færre reisande med hurtigbåt i 2021 enn i 2019. Desse fordelar seg på 192 000 ordinære reiser og 39 000 skuleskyssreiser. Ordinære reiser hadde då ein nedgang på 34 prosent samanlikna med 2019 og skuleskyss ein nedgang på 9 prosent.
Rute 39 Molde – Vestnes – Sekken blei avvikla frå og med 1.1.2021, noko som bidrog til reduksjon i talet på passasjerar. Ruta hadde 76 000 passasjerar i 2019 og 52 000 passasjerar i 2020. Når ein i samanlikna år tek bort passasjerane for rute 39, blir nedgangen for 2021 på 31 prosent samanlikna med 2019 og tilnærma inga endring samanlikna med 2020.
Tal for på-stigande passasjerar ein normal kvardag i september 2021, gir følgjande mønster: 35 prosent av dei på-stigande passasjerane gjennom dagen har avreise mellom kl. 06.00 og 08.59, og 25 prosent mellom kl. 15.00 og 16.59. Til saman utgjer dette 60 prosent av dei reisande i løpet av ein kvardag. Dette inneber at dei to nemnte tidsromma er dimensjonerande for kva kapasitet vi får resten av døgnet, når etterspurnaden ikkje er like stor. Det er også i perioden med flest reiser at potensialet for nye reiser er størst.
Totalt for Kystekspressen var det 192 000 registrerte passasjerar i 2021, der 46 prosent av desse passasjerane gjekk av og/eller på i Møre og Romsdal. Samanlikna med 2019, var det 91 733 færre registrerte passasjerar totalt for ruta, som utgjer ein nedgang på 32 prosent. For passasjerar som gjekk av og/eller på i Møre og Romsdal, blei det ein nedgang på 32 093 eller 27 prosent, for tilsvarande periode.