1. Demografi

Fødslar og fruktbarheit

Fleire fødslar i fylket 

Etter to år med låge fødselstal i fylket auka talet på fødslar igjen i 2021. Om dette skuldast Covid-19 pandemien og at folk har vore meir heime er vanskeleg å seie. I 2021 vart det i Møre og Romsdal fødd 2 670 barn mot 2 443 barn i 2020, ein auke på 227 barn. Det har ikkje vore fødd så mange barn i fylket sidan i 2017. Dette førte til ein auke i fødselsoverskotet trass i at talet på døde auka. Fødselsoverskotet er forholdet mellom talet på fødde og døde i løpet av eit år. I 2021 hadde fylket eit fødselsoverskot på 339, mot 266 og 263 i 2019 og 2020. Talet på døde aukar igjen etter ein nedgang frå 2019 til 2020. I 2021 var det 2 331 personar i fylket som døde, noko som er 151 fleire enn i 2020. 

Talet på fødslar aukar i heile landet, med 3 081 fleire fødslar i 2021 enn i 2020. I 2021 var det totalt 56 060 fødslar i Noreg, ein auke på 5,8 prosent frå 2020. Fødselsoverskotet aukar nasjonalt i 2021 til 14 058 mot 12 368 personar i 2020. 

Fødselsnedgang i 10 kommunar 

Trass auken i talet på fødslar i fylket førre år,  var det ikkje slik i alle kommunar. I 10 av 26 kommunar var det færre fødslar i 2021 enn kva som var tilfelle i 2020. Nedgangen var størst i Rauma, Averøy og Vestnes med ein nedgang på -12, -9 og -7 barn. Størst vekst i tal fødslar har Ålesund med ein vekst på 103 barn. Veksten i Molde og Kristiansund var meir beskjeden med 4 og 11 fødslar frå 2020 til 2021. Kommunane Ulstein og Hustadvika hadde begge ein auke på 24 fødslar i 2021 samanlikna med 2020. Størst prosentvis auke hadde Surnadal kommune, dei hadde i 2020 berre 40 fødslar, noko som auka til 62 fødslar i 2021, ein vekst på 55 prosent. 

15 av kommunane i fylket hadde fødselsunderskot i 2021 mot 13 kommunar i 2020. Ei aldrande befolkning og låge fødselstal i mange kommunar er årsaka til dette. Så mange som 10 av kommunane i Møre og Romsdal har hatt fødselsunderskot dei siste tre åra.  

Færre einslege mødre 

I 2021 var det færre kvinner som var einslege når dei fekk barn. Av kvinnene som fekk barn i Møre og Romsdal i 2021 var 9,1 prosent einslege. Dette er ein nedgang på eitt prosentpoeng frå 2020, då 10,1 prosent var einslege. Det er langt fleire som er sambuande når dei får barn enn som er gifte. I 2021 er 57,8 prosent av kvinnene som får barn sambuande, mens 33,2 prosent er gifte. 

Høgast fruktbarheit i landet 

Auken i talet på fødde gir også ein auke i fruktbar­heitstala i 2021. Fruktbarheitstala viser i snitt kor mange barn kvar kvinne føder gjennom livet. I 2020 var fruktbarheitstala i fylket historisk låge med eit snitt på 1,58 fødslar per kvinne. I 2021 har snittet auka til 1,73 barn per kvinne. Vi er no det fylket, saman med Rogaland, som gjennomsnittleg har flest fødslar per kvinner. I 2021 er det nasjonale snittet 1,55, ein oppgang frå 1,48 i 2020. Det er i Oslo kvinnene føder færrast barn, gjennomsnittet er der på 1,42 barn i 2021. For Møre og Romsdal sin del må vi tilbake til 2017 for å finne betre fødselstal. Det er likevel langt unna dei gjennomsnittlege fødselstala per kvinne vi hadde mot slutten av 60-talet, i 1968 fødde kvar kvinne i fylket i snitt 3,20 barn i løpet av livet. 

Kvinners fødealder stig 

Den gjennomsnittlege alderen til fødande kvinner i fylket er 31,1 år i 2021, for landet er snittet 31,6 år. Mors fødealder har stige jamt og trutt dei siste 20 åra. I 2001 var gjennomsnittleg fødealder for kvinner 29,5 år, alderen har med andre ord auka med 1,6 år i perioden 2001 til 2021. 

I 2021 er gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande kvinner 30,1 år, mens menn er i gjennomsnitt 32,1 år første gongen dei blir far. Auka alder for førstegongsfødande er ein viktig årsak til nedgangen i fruktbarheita dei siste åra i Noreg.

Forrige tema:
Neste tema: