14. Samferdsel

Miljøutslepp

Fekk fleire elektriske ferjer og bussar, reduserte klimagassutsleppa 

Den pågåande elektrifiseringa av kollektivtrafikken i Møre og Romsdal har i perioden 2019 til 2021 redusert CO2-utsleppa frå kollektivtrafikken med 13 prosent. Dieselforbruket er i same periode redusert med meir enn 4 millionar liter. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har sett eigne mål for å handtere klima- og naturkrisa. Mellom anna har fylkeskommunen sett seg som langsiktig utviklingsmål å bli miljøfylke nr. 1. Utviklingsmålet blir støtta opp av fylkesplanmåla. Eit av desse måla er å redusere klimagassutsleppa slik at fylket er klimanøytralt i 2030, og bidra til 55 prosent kutt i ikkje-kvotepliktig sektor. 

I perioden 2019 til 2021 blei dieselforbruket totalt for buss, hurtigbåt og ferje redusert med 4 284 000 liter. På same tid har den årlege ruteproduksjonen vore relativt uendra, sett bort ifrå nedlegginga av hurtigbåten Molde – Vestnes – Sekken, ekstra ferje på Edøya – Sandvika og auka produksjon på Seivika – Tømmervåg. 

Hovudårsaka til nedgangen i dieselforbruk skuldast elektrifisering av tre ferjesamband og innføring av elektriske bussar i 2021. Elektrifisering av dei tre ferjesambanda bidrog aleine med ein reduksjon på 2,8 millionar liter diesel. 

Klimagassutsleppa i 2021 vart redusert med 11 400 tonn CO2-ekvivalentar samanlikna med 2019, noko som utgjer over 13 prosent. 

Elektrifisering av kollektivtransporten i Møre og Romsdal er eit omfattande og langsiktig arbeid, kor det allereie ligg tidfesta planar fram i tid for videre elektrifisering slik at ein vil nå målet om 55 prosent reduksjon.

Forrige tema:
Neste tema: