3. Arbeidsmarknad

Arbeidsplassdekning

Molde høgast arbeidsplassdekning

Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad) i eit område, for eksempel ein kommune. Arbeidsplassdekning på over 100 prosent betyr at talet arbeidstakarar som arbeider i kommunen er større enn talet på arbeidstakarar som er busette i kommunen.

Av dei tre største byane i fylket er det Molde som har høgast arbeidsplassdekning med 117,7 prosent. Tilsvarande er arbeidsplassdekninga 106,7 og 97,9 prosent i Ålesund og Kristiansund. For Kristiansund sin del betyr det at det er eit underskot på arbeidsplassar i forhold til talet på yrkesaktive som er busett i kommunen.

Det var 9 av kommunane i fylket som siste kvartal i 2022 hadde over 100 prosent arbeidsplassdekning. Dette er to fleire enn same tid i 2021, no har også kommunane Herøy og Volda passert 100 prosent.

Kommunane Giske, Sula, Gjemnes og Hustadvika har alle låg arbeidsplassdekning. Dette er kommunar som ligg tett på dei tre største byane i fylket og mange pendlar inn til arbeidsmarknaden i byane. Giske og Sula har lågast arbeidsplassdekning i fylket med 61,7 og 63,5 prosent, mange av dei yrkesaktive i desse kommunane er med andre ord avhengig av å pendle ut av kommunen på arbeid.

Totalt for Møre og Romsdal er det ei arbeidsplassdekning på 96,5 prosent. Det betyr at 4 723 personar som bur i fylket har arbeidet sitt ein annan stad i landet. Talet er stabilt frå 2021.

Forrige tema:
Neste tema: