13. Bustadmarknaden

Omsette bustadar og fritidseigedomar

Færre selde bustadar

I 2022 vart det i Møre og Romsdal omsett 4 187 bustadar, ein nedgang på -374 bustadar eller -8,2 prosent frå 2021. Salet av bustadar varierer mykje frå kommune til kommune og for den enkelte kommune frå år til år. Talet på nye og ferdigstilte bustadprosjekt kan særleg for små kommunar vere ein grunn til at det blir store variasjonar i bustadsalet frå år til år.

Alle dei tre store byane i fylket hadde nedgang i omsetnader av bustadar i 2022. I Molde vart det omsett -15,2 prosent færre bustadar samanlikna med 2021, tilsvarande for Ålesund og Kristiansund var -12,7 og -8,0 prosent.

Kommunane Vanylven, Hareid og Sunndal er døme på kommunar med vekst i bustadsalet i 2022. I Vanylven var det nær ei dobling i talet på omsette bustadar med ein vekst på 94,1 prosent. I Sunndal og Hareid var det ein prosentvis vekst i bustadsalet på 47,6 og 31,3 prosent. For begge kommunane utgjer dette ein vekst på 20 fleire selde bustadar frå 2021 til 2022.

Dyrare å kjøpe bustad – og dyrast i Molde

Den gjennomsnittlege bustadprisen auka med 6,4 prosent frå 2021 til 2022. Tilbodet av bustadar og ikkje minst etterspørselen etter bustadar er avgjerande for prisane i bustadmarknaden. Etterspørselen etter bustadar har falle i mange kommunar, trass i dette har fleire kommunar hatt ei auke i bustadprisane. I mange kommunar vil nok ferdigstilling av nye og kostbare bustadprosjekt vere med å drive gjennomsnittsprisen opp. Det var i Molde kommune at gjennomsnittleg kjøpesum i 2022 var høgast, med 4 069 326 kroner.

Stor nedgang i salet av fritidseigedomar

Den høge veksten i salet av fritidseigedomar under Covid-pandemien er no på retur. I 2022 vart det selt 418 fritidseigedomar i Møre og Romsdal mot 620 fritidseigedomar i 2021. Med andre ord ein nedgang i salet på -202 fritidsbustadar eller -32,6 prosent. Auka rentenivå og ei generell prisauke vil mange stadar påverke både salet av bustadar og fritidseigedomar framover.

Det er berre i kommunane Tingvoll og Smøla det er auke i fritidsbustadsalet i 2022– og den er beskjeden med ein auke på ein omsetnad.

Det var i Stranda kommune at det vart omsett flest fritidseigedomar i Møre og Romsdal i 2022. Her vart det seld 52, det same talet som kommunen også hadde i 2021. Etter Stranda kjem Ålesund med 45 og Molde med 40 omsetnadar.

Forrige tema:
Neste tema: