14. Samferdsel

Ferje

Største ferjefylket i landet

Totalt transporterte på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal var 4 270 839 køyretøy i 2022, i snitt 11 700 køyretøy kvar dag. Tala er på same nivået som i 2021, men samanlikna med 2019 er dette ein nedgang på 4 prosent. Ved å ikkje ta med køyretøy for gamle rute 21 frå Skjeltene, som vart lagt ned ved opninga av Nordøyvegen, er tal køyretøy på same nivå som 2019.

For å forenkle omgrepa privat- og næringstrafikk kan ein skilje køyretøy; under og over 6 meter lengde, der privattrafikken er under 6 meter og næringstrafikken er over 6 meter lengde. Fordeling i 2022 var meir lik 2019 og næringstrafikken utgjer årleg 11 prosent av totale køyretøy.

Medan tal køyretøy held seg stabilt, aukar andel nullutsleppskøyretøy med 10 prosentpoeng frå 5 prosent i 2019 til 15 prosent i 2022 og utviklinga ser ut til å fortsette i 2023.

Ved overgangen til AutoPASS som billetteringsløysing om bord i ferjene frå 1.1.2020, blei det gratis å reise som passasjer med ferja og det var venta at fleire ville velje å køyre saman. Utviklinga med færre passasjerar per køyretøy er truleg påverka av korona og redusert pris på køyretøy på ferje. I 2019 var det i snitt  1,9 passasjerar per køyretøy, og 1,7 i 2020–2022. Frå 1. juli 2022 vart det innført sju gratis ferjesamband , og vi ser ein svak reduksjon i passasjerar per køyretøy i siste halvår 2022.

Møre og Romsdal er det største ferjefylket i landet målt i tal transporterte køyretøy for riks- og fylkesvegsamband i 2022, med ein andel på 32 prosent eller over 6,5 millionar årlege køyretøy. Andelen for fylkesvegsamband isolert er 40 prosent. Møre og Romsdal sin andel av billettinntektene (utan bompengar) for riks- og fylkesveg er nest høgast av fylka med 29 prosent. For fylkesvegferjer er Møre og Romsdal sin andel av billettinntektene 36 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: