1. Demografi

Flytting

Stort netto flytteoverskot

Etter ei negativ nettoflytting i 2021 var situasjonen ein heilt annan for fylket i 2022. I fjor var det eit netto flytteoverskot på 2 643 personar. Då er både innvandringa og innanlands flyttinga rekna med. Hovudårsaka til den sterke veksten i nettoflyttinga er flyktningstraumen frå Ukraina. Det store talet flyktningar som kom til landet i 2022 bidrog til ein sterk vekst i nettoinnvandring. I 2022 var nettoinnvandringa på 2 864 personar. Dei siste åra har innvandringa til fylket vore dalane, til dømes var nettoinnvandringa i 2021 på 584 personar. Auken i nettoinnvandringa frå 2021 til 2022 var på 2 280 personar.

I 2022 var det berre ein kommune i fylket som hadde negativ nettoflytting. Dette skil seg mykje frå tidlegare år, til dømes var det 18 kommunar i 2021 som hadde negativ nettoflytting. Stranda kommune hadde i 2022 ei negativ nettoflytting på -32 personar. Det er ei negativ netto innanlandsflytting som er årsaka til dette.

Av dei tre største byane er det Molde som har det største netto flytteoverskotet med 462 personar. Til samanlikning var flytteoverskotet i Kristiansund og Ålesund på 187 og 301 personar. Ser vi nettoflyttinga i forhold til folketalet er det Aukra som har størst netto flytteoverskot med 148 personar, noko som utgjer 4,1 prosent av folketalet.

Stor nedgang i det innanlandske flytteunderskotet

Det var ein stor nedgang i det innanlandske flytteunderskotet i 2022. Det innanlandske flytteunderskotet var på -631 personar i 2021. I 2022 var dette redusert til -221 personar. Det vil seie at det var 221 fleire som flytta ut av fylket til andre kommunar i Noreg enn som flytta til fylket. Dette er nok eit kunstig lågt tal som er påverka av den store flyktningstraumen til fylket førre år. Flyktningar som først blir busett i eit flyktningmottak, blir registrert med ei innanlandsk flytting når dei flyttar vidare til busettingskommunen. Dette er nok eit forhold som er med og påverkar flyttetala i 2022.

8 fylke med innanlandsk flytteunderskot

Heile 8 av 11 fylke hadde negativ innanlandsk nettoflytting i 2022. Størst underskot i tal personar var det i Oslo med -3 294 personar. Både Troms og Finnmark og Nordland hadde eit innanlandsk flyttetap på over 2 000 personar. Dei innanlandske flytteunderskota i Trøndelag og Møre og Romsdal er relativt låge med -170 og -221 personar.

Det er fylka Agder, Vestfold og Telemark og Viken som kan skilte med overskot i den innanlandske flyttinga. Desidert størst er overskotet i Viken med 7 790 personar. Til samanlikning var overskotet på 1 939 og 717 personar for Vestfold og Telemark og Agder.  

20-årigane flyttar ut

Det er framleis flest personar i aldersgruppa 20-29 år som flyttar ut. Det er ikkje så unaturleg med tanke på at mange reiser ut av fylket for å ta høgare utdanning. I 2022 var det innanlandske flytteunderskotet i denne aldersgruppa på -601 personar. Dette er ein nedgang frå 2021, då flytteunderskotet var -714 personar i denne aldersgruppa. For aldersgruppa 30-39 år har det innanlandske flytteoverskotet auka frå 92 personar i 2021 til 221 personar i 2022. Same utvikling ser vi for aldersgruppa 50-59 år der det i 2022 var eit flytteoverskot på 61 personar mot eit underskot på -13 personar i 2021.

Flest innvandrarar flyttar ut

Det er framleis slik at det er flest frå innvandrarbefolkninga som flyttar ut, men underskotet for denne gruppa er redusert til -153 personar i 2022 mot -535 personar i 2021. Vi ser òg ein liten nedgang i flytteunderskotet for resterande del av befolkninga. I 2022 var flytteunderskotet for denne gruppa på -68 personar, ein nedgang på 28 personar frå 2021.

Forrige tema:
Neste tema: