7. Kultur

Kunstnarstatus

Låg sysselsetting innan kulturell og kreativ næring i Møre og Romsdal

Sysselsetting innan kulturell og kreativ næring i Møre og Romsdal var i 2021 på to prosent. Dette er lågast i heile landet, og uendra frå 2020. I følge Kulturstatistikken til SSB i 2021 gir sysselsettinga i kulturell og kreativ næring i fylket eit bilete på omfang og innverknaden av kultur i dei enkelte fylka. Møre og Romsdal hadde berre 2 488 sysselsette, medan det i Trøndelag var 6 340 sysselsette og Vestland hadde heile 9 047 sysselsette innan same næring. Oslo, Viken og Vestland hadde til saman 65 prosent av dei sysselsette i kulturell og kreativ næring.1

Auke i tildelingar frå Statens kunstnarstipend til fylket

Statens kunstnarstipend består av seks ordningar og er det største offentlege verkemiddelet for direkte støtte til kunstnarar. I 2019 vart berre 6 av 111 søknadar frå Møre og Romsdal innvilga, noko som utgjorde 5,4 prosent av søkarmassen. I 2022 var det ein liten auke, da 14 av 143 søknadar frå Møre og Romsdal vart innvilga, noko som utgjer 10 prosent av søkarmassen frå fylket. Møre og Romsdal har ikkje lenger den lågaste tildelinga i landet, slik det var i 2019.

1 Kjelde: Kulturstatistikken til SSB i 2021, s. 40 – 43

Forrige tema:
Neste tema: