5. Forsking og utvikling

FoU i næringslivet / Innovasjon Norge

Innovasjon Norge gir viktige tilskot til innovasjon og kompetanse

Innovasjon Norge var ein viktig bidragsytar til norsk næringsliv i 2022. Heile 7,1 milliardar vart gitt i støtte til norsk næringsliv fordelt på 3,3 milliardar kroner i tilskot, 3,1 milliardar kroner i lån og 610 millionar kroner i garantiar. Dette er eit viktig bidrag for næringslivet og gir grobotn for omstilling og utvikling i norske bedrifter.

Bedrifter i Møre og Romsdal fekk i 2022 tilført 858 millionar frå Innovasjon Noreg. Dette fordelte seg på 541 millionar kroner i lågrisikolån, 197 millionar i tilskot og 120 millionar kroner i risikolån og garantiar.

Av Innovasjon Norge sine prioriterte næringar, var det i Møre og Romsdal marin næring med fokus på fangst og oppdrett som fekk størst tildeling, med 602 millionar kroner. Landbruksnæringa fekk tildelingar tilsvarande 99 millionar kroner i 2022.

Auke i forsking- og utviklingsarbeidet (FoU)

Etter eit fall i FoU-aktiviteten i 2020 auka aktiviteten igjen i 2021. I 2020 vart det av bedriftene brukt 1,281 milliardar kroner i eigenutført FoU-aktivitet, dette auka til 1,390 milliardar kroner i 2021. Trass i at landet framleis var prega av Covid-19 pandemien, hadde likevel situasjonen stabilisert seg noko og aktiviteten tatt seg opp igjen. Kostnadane til innkjøp av tenester knytt til forsking og utvikling hadde same utvikling. I 2021 var det kjøpt tenester til FoU for 213 millionar kroner, ein oppgang på 53 millionar kroner frå 2020.  

Som følge av auken i ressursbruk auka også talet på FoU-personale frå 2 007 personar i 2020 til 2 121 personar i 2021. Tal årsverk som vart utført på området auka til 981 i 2021, ein oppgang på 53 årsverk frå 2020.

Forrige tema:
Neste tema: