4. Sysselsetting og næringsliv

Nye føretak - konkursar

Svak nedgang i nye føretak i 2022

I 2022 vart det registrert  2 701 nye føretak i Møre og Romsdal. Det er ein svak nedgang på om lag 2 prosent frå året før, da det vart registrert 2 751 nye føretak. Det er same utviklinga i talet nye føretak nasjonalt.

Tingvoll hadde størst prosentvis vekst i føretak frå 2021 til 2022 med 70 prosent auke. Hareid og Sykkylven hadde auke på 42 prosent frå året før. Det vart etablert flest føretak i byane Ålesund (812) Molde (296) og Kristiansund (255). Utanom byane vart det registrert flest føretak i Volda (118) , Hustadvika (110) og i Sula (104).

Større del aksjeselskap i Møre og Romsdal

I perioden 2018 til 2022 vart det registrert 5 758 nye aksjeselskap og 6 803 enkeltpersonføretak i Møre og Romsdal. Av desse utgjer aksjeselskapa 46 prosent. I landet elles utgjer aksjeselskapa 44 prosent av selskapa. Utanom byane vart det registrert  flest aksjeselskap i Herøy i perioden 2018-2022. Det vart registrert 236 aksjeselskap i Herøy som utgjer 53 % av selskapa. I Volda vart det registrert 135 aksjeselskap som utgjer 27 prosent av nye føretak i perioden.

Nedgang konkursar siste 5 år

I 2021 og 2022  var det 132 og 136 konkursar i Møre og Romsdal. I 2018  og 2019 var tilsvarande tal 230 og 207. Over halvparten av dei 868 konkursane dei siste 5 åra har vore i Ålesund, Molde og Kristiansund. Utanom byane er det Sula(39), Vestnes(34)  og Herøy(34) som har høgste tal konkursar dei siste 5 åra. Ser vi vekk frå byane var det i 2022 Surnadal og Vestnes som hadde høgast konkurstal med 9 og 7 konkursar. Smøla har ikkje hatt konkursar i perioden 2020-2022. I 2022 var det heller ikkje nokon bedrifter som gjekk konkurs i Aukra, Vanylven og Sande.

Nytt føretak: Nye føretak omfattar alle førstegongsetableringar og reaktiveringar av føretak. Eigarskifte reknast som nye føretak, men det gjer ikkje overdragingar.

Forrige tema:
Neste tema: