1. Demografi

Sentralitet

5 av landets 108 minst sentrale kommunar i Møre og Romsdal

Statistisk sentralbyrå sin sentralitetsindeks er eit mål på kor sentrale norske kommunar er målt etter avstand til arbeidsplassar og servicetilbod. Indeksen har verdiar frå 0 (berre teoretisk mogleg) til 1 000 langs ein kontinuerleg skala. Høgast skåre har Oslo med 1 000 og lågast skåre har Utsira med 293.

Sentralitetsindeksen tek utgangspunkt i om lag 13 500 grunnkretsar som kommunane i landet er delt inn i. Indeksen er sett saman av to del-indeksar basert på:

  • Talet på arbeidsplassar dei som bor i den enkelte grunnkretsen, kan nå med bil i løpet av 90 minutt.
  • Kor mange ulike typar servicefunksjonar (varer og tenester) dei som bur i den enkelte grunnkretsen, kan nå med bil i løpet av 90 minutt.

Tala blir vekta, slik at ein arbeidsplass eller servicefunksjon som ligg nær bustaden tel meir enn ein som ligg lengre borte.

Verdiane blir gruppert i seks nivå eller sentralitetsklassar. Desse klassane blir nytta til å analysere utviklingstrekk og for å beskrive og måle sentraliseringa.

Oslo og fire nabokommunar får sentralitetsklasse 1. Bergen, Trondheim og Stavanger kjem på nivå 2, i lag med 18 andre kommunar, også desse i hovudsak på Austlandet. 54 kommunar kjem i klasse 3, blant desse er Ålesund, som er einaste kommune i Møre og Romsdal i denne sentralitetsklassa.

44 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal bur i småbykommunar og byomland (sentralitet 4), og ein fjerdedel bur i småsenterkommunar (sentralitet 5). 5 prosent av innbyggarane bur i dei minst sentrale kommunane (sentralitet 6). Fylket har ein klart høgare del av befolkninga i kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6 enn landsgjennomsnittet (31 prosent mot 13 prosent).

Ser vi på tal kommunar, ser vi at Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag og Vestland har langt fleire kommunar i sentralitetsklasse 6 enn Møre og Romsdal.

Forrige tema:
Neste tema: